Kontantstøtte

Kontantstøtta skal bidra til at familiane får meir tid til omsorg for eigne barn og gje større valfridom når det gjeld å velge korleis barna skal passast.

Retten til kontantstøtte gjeld frå månaden etter at barnet er fylt 1 år og inntil 23 månader framover. Det vert gitt full kontantstøtte dersom barnet ikkje gjer bruk av barnehageplass det gis offentleg driftstilskott for. Dersom det er skriftleg avtalt redusert opphaldstid i barnehage, får familien gradert kontantstøtte, sjå tabellen nedanfor.

For adoptivbarn gis kontantstøtte i inntil 23 månedar etter at stønadsperioden for fulle foreldrepengar er utløpt sjølv om barnet er fylt tre år. Dette gjeld for barn under skulealder.

Kontantstøtta gis per barn utan inntekts- eller behovsprøving. Ordninga er skattefri. Satsane vert fastsette av Stortinget. 

Avtalt tid for opphald i barnehagen (timar per uke) 
Beløp per månad 
0   3 303 kr. 
1-8  2 642 kr. 
9-16  1 982 kr. 
17-24  1 321 kr. 
25-32  661 kr. 
33 og mer  kr 0,- 
Publisert 12.02.09