Idrett og friluftsliv

I Tysvær kommune er det gode høve til å drive idrett og friluftsliv.
Kommunen sine 20 idrettslag syt for eit bredt tilbod innan ei rekke idrettar til både barn, ungdom og vaksne. Det finnes og mange og gode idrettsanlegg i alle delar av kommunen.
Tysværnaturen er kanskje det viktigaste aktivitetsanlegget me har. Her er både fjordar, fjell, lyngheier, skogar og skjærgård. Mange stader er naturen spesielt tilrettelagt for friluftsliv medan andre stader kan ein ta seg fram i ”urørt” natur. Gjennom prosjektet ”Frisk i friluft” har ein dei siste åra jobba for å gjere naturen kjent og tilgjengeleg for flest mogleg av innbyggarane i Tysvær.
Publisert 11.02.09






