Handel, service og reiseliv
Tysvær kommune har eit allsidig næringsliv. Dei fleste arbeidsplassane i privat sektor finn ein innan sektorane oljeutvinning, industri, bygg- og anlegg, varehandel og jord- og skogbruk. Statoil Kårstø er den klart største private verksemda i kommunen med sine over 500 arbeidsplassar.
Tysvær er ein av dei større landbrukskommunane i Rogaland. Omkring 150 mjølkeprodusentar utgjer ryggrada i næringa. Sauehald står også sterkt. Talet på gardsbruk i aktiv drift er 330 med eit jordbruksareal i overkant av 50 000 dekar. Tysvær har også store ressursar på skogsida med stort potensiale for auka verdiskaping.
Industriverksemdene i kommunen ligg langt framme når det gjeld kompetanse og konkurrerer på så vel den nasjonale som den internasjonale marknaden. Fleire større og mindre verksemder i Tysvær er og knytt opp mot olje- og gassnæringa som leverandørar. Kommunen arbeider no i samarbeid med Bokn, Karmøy og Haugesund for å utvikle Haugaland Næringspark på Gismarvik med tanke på etablering av industri basert på naturgass.
Reiselivsnæringa er ei vekstnæring i Tysvær. I dag er det 6 campingplassar, eit motell og eit 20 tals hytteutleigarar, samt eit mangfald av større og mindre attraksjonar. Arquebus Krigshistoriske Museum er eit av dei mest besøkte musea i regionen. Kommunen har naturgjevne føresetnader for ei vidare satsing innan reiseliv.
Handelsnæringa er hovudsakleg samla i Aksdal - Frakkagjerd området, men ein finn og nærbutikkar i dei fleste bygdene i Tysvær. Aksdalsenteret har eit variert tilbod som kjøpesenter, medan ein på Frakkagjerd finn ei rekkje andre butikkar og tenestetilbod. Tysvær kommune har ikkje minst eit breitt samansett byggfagleg miljø med tilbod om arkitekt og konsulenttenester, entreprenørar, målarar, rørleggjarar, elektrikarar, byggefirma, anleggsgartnarar m.v.




