Logg inn

Logg inn

God sommar!

Skrevet av Astri Eliassen. i kategorien Grinde skule

God sommar til alle elevar og foreldre/føresette ved Grinde skule. Me vil takka for eit godt samarbeide i året som har gått, og ser fram til eit godt samarbeide neste skuleår og.

1. skuledag etter ferien er torsdag 20. august. 2.-7. trinn møter til vanleg tid, kl. 08.20. Dei nye 1. klassingane møter kl. 09.30 utanfor amfiet. Eige skriv vil komme til dei nye elevane i 1. trinn.

Hele skolen liten

Takk for sju flotte år

Skrevet av Christina Sveen-Sahl. i kategorien Grinde skule

DSC03732 Mobile

Onsdag 17.juni hadde 7.trinn si siste morgonsamling på Grinde skule. 
Det har vore sju flotte år samen med ein kjekk gjeng som har vore gode førebilete for dei andre elevane på skulen.
Lukke til på Frakkagjerd.

 

 

Foreldrekafè på SFO

Skrevet av Astri Eliassen. i kategorien Grinde skule

Det var veldig mange foreldre og besteforeldre som møtte opp då SFO arrangerte foreldrekafè onsdag 27.5. Vafler, kaker, kaffi og saft gjekk unna som berre det, og det var heile tida kø for å få kjøpe. Mange fornøgde både store og små i skulegarden. Dette er ein veldig kjekk tradisjon for elevane, og då er det utruleg kjekt når så mange stiller opp og kjem på kafèen! 

Grinde talenter 2015 og kafe SFO 060 Small

Grinde Talenter 2015

Skrevet av Astri Eliassen. i kategorien Grinde skule

Onsdag 27.mai var det duka for eit av året sine høgdepunkt, nemleg Grinde Talenter 2015. Heile 27 elevar var påmelde, nokre i fleire kategoriar. Som vanleg var det eit stort spenn i innslaga. Song, dans, bmx-sykling, turn, teater, radiobilkøyring og speling på ulike instrumenter. Jurien valte ut 5 innslag som kom vidare til finalen, og det blei ein duett med Selima og Mia som stakk av med sigeren til slutt. Ivar og Joakim fekk sjarmørprisen på sitt program med bmx-syklar. Elina og Victoria utførte programleiarjobben på strålande måte, og kunne gått rett inn som programleiarar på TV. Elevane som var med hadde øvd godt og gjorde ein fantatisk jobb på scena. Publikum var som vanleg også heilt topp. Me gler oss allereie til neste år!

Grinde talenter 2015 og kafe SFO 041 800x532