Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

TUSEN TAKK!!!

Skrevet av Astri Eliassen. i kategorien Grinde skule

Tusen takk til FAU og dei foreldra som møtte på dugnad i måndag 12. juni. Elevane var i full aktivitet allereide kl. 08.00 i dag. Vi er kjempefornøgde!!!

19114514 10154438620442016 755161311 n

19114737 10154438620482016 974400089 n

19142029 10154438620507016 934288260 n

19190899 10154438620407016 1792663065 n

19198329 10154438620532016 1787445589 n

19142349 10154438620497016 1675445010 n

Presentasjon av nye bøker

Skrevet av Astri Eliassen. i kategorien Grinde skule

bokmelding

Den årlege leseasksjonen – Vinterles er i gong. Hege N. Paulsen frå folkebiblioteket i Aksdal presenterte nye bøker til stor glede for elevane frå 1.-7 klasse.

I forrige veke var det mellomsteget som fekk smakebitar på nye, spanande bøker. Elevane sjølv var programleiarar og mima bøker dei hadde lese. Elevane fekk gjette kva bøker dette var. Deretter viste Hege mange kjekke, spanande og morosamme bøker. Boka «Hitlers hemmelighet» og «Motemysteriet» var bøker mange elevar fekk lyst til å lese.

Denne veka var det 1.-4. trinn sin tur til å få høyra om nye bøker. Også denne gong var det elevar som stod for det meste av programmet, blant anna programleiarar, dei leste opp bokmeldingar og spelte på gitar, før Hege presenterte bøker. «Barske bøller», «Familien Schwindel» og «Marcus & Martinus» var bøker mange elevar viste interesse for. Me må nok spørje rektor om me kan få kjøpa inn nokre nye bøker til skulebiblioteket vårt.

Skypemøte i 7. klasse

Skrevet av Astri Eliassen. i kategorien Grinde skule

skoletime 640x480 400x300

I samband med spelprosjektet i 7.klasse, hadde 7.klasse i går Skype-møte med ein speldesigner frå spelselskapet Krillbite. Elevane har arbeida med å designe eigne spel i eit tverrfagleg prosjekt den siste tida, og vi tenkte det kunne vere moro å få litt innspel frå ein profesjonell. Adrian fra Krillbite fortalde om korleis dei jobba, om inspirasjon og prosessar, om utdanningar som var relevante og om personleg forhold til spel. Elevane hadde og førebudd spørsmål til Adrian, og dei fekk gode svar på mykje av det dei lurte på.

Pepparkakehus

Skrevet av Astri Eliassen. i kategorien Grinde skule

6. klasse har laga flotte pepparkakehus. Først måtte dei teikna sitt eige hus for så å gå i lag 3-4 stykker og diskutara seg fram til kva for eit hus dei skulle byggje. Dei måtte laga malar og montere saman for å sjå at det gjekk. Malen brukte dei når dei kjevla ut, og etter steiking blei husa monterte og pynta. Blei dei ikkje flotte?

Pepperkakehus1 640x480