Halfdan W. Freihow

Halfdan W. Freihow har bakgrunn som litteraturkritikar, omsetjar og forleggjar. Den første boka hans, ”Kjære Gabriel”, kom ut i 2005 og er omsett til eit titals språk. I haust gav han ut boka ”Du er ikke sann”. Her møter vi Axel Bull, ein bestseljarforfattar som sit i fengsel og legg siste hand på eit manuskript som vil opprøre den norske samfunnseliten om og når det kjem ut. Utan å vite det, er han sjølv ei brikke i eit maktspel mellom dei to største forlagshusa. Dette er ein roman om menneske som gjer så godt dei kan for å overleve – i kvardagen så vel som i den mektige og berykta bokbransjen.

Halfdan W. Freihow
 

Publisert 16.10.09