Kva er Fairtrade

Bilde

Fairtrade er ei internasjonal merkeordning for rettferdig råvarehandel mellom bønder og plantasjar i utviklingsland og importørar i Nord.

Når du ser Fairtrade-merket på eit produkt, betyr det at ein uavhengig tredjepart har kontrollert at det er betalt ein rettferdig råvarepris og at det vert jobba for at produsentane sine arbeidsforhold blir stadig betre. Kvar gang du kjøper eit produkt med Fairtrade-merket på, bidrar du til betre leve- og arbeidsforhold for bønder og plantasjearbeidare i Sør.

Fairtrade er eit handelssystem som er basert på partnerskap mellom produsentar i Sør og forbrukare i Nord.

Fairtrade sikrar produsentar i Sør marknadstilgang og rettferdig råvarebetaling, slik at bøndene og arbeidarne kan ta styringa over sine eigne liv, planlegge fremtiden og bidra til positiv utvikling i lokalmiljøet. I tillegg er Fairtrade-merket ei konkret og pålitelig løsning for importørar og forbrukare i Nord som ynsker å bidra til rettferdig handel og bærekraftig utvikling i Sør.

Over ein millioner bønder og plantasjearbeidare i 58 land i Afrika, Asia og Latin-Amerika er knytta til Fairtrade-systemet.

I dag finn du blant anna kaffe, sukker, juice, bananer, ris, te, kakao, sjokolade, honning, blomster, vin og bomull med Fairtrade-merket i Norge. Det kjem stadig nye produkter.

Dei internasjonale Fairtrade-standardane for rettferdig handel og bærekraftig produksjon dreier seg kort oppsummert om:
• rettferdig råvarebetaling som dekkjer produksjonskostnader og helst gir et lønnsoverskudd.
• langsiktige handelsavtaler som gir forutsigbarhet rundt inntekt.
• beskyttelse av miljøet og forbetringar av bøndene og arbeiderane sine arbeidsforhold.
• demokratiske prosessar og medbestemmelsesrett på arbeidsplassen, med eit spesielt fokus på styrking av kvinnene sin posisjon.


Kva er ein Fairtrade-kommune
Fairtrade-kommune er ei utnevning for kommunar eller byar som jobber aktivt med å auke kjennskapen til og forbruket av Fairtrade-merka produkt i lokalmiljøet.

For å få status som Fairtrade-kommune må kommunen nå ein del grunnkriterier som er sett av Fairtrade Max Havelaar Norge, men og drive eit kontinuerleg arbeid som fremmer Fairtrade.

Konseptet Fairtrade-kommune gir ei ramme å arbeide innanfor når det gjeld etisk forbruk, men kan og fungere som eit godt ”springbrett” for andre initiativ innenfor miljø og rettferd.

Konseptet kjem frå Storbritannia, og på verdensbasis finnes det i dag i underkant av 800 Fairtrade-kommunar og byar fordelt på rundt 20 forskjellige land. I Norge er det i dag 21 Fairtrade-komunar.

Det er fem grunnleggande kriteria som må oppfyllast for å få status som Fairtrade-kommune:
• Det må etablerast ei lokal styringsgruppe som har ansvaret for å drive arbeidet fremover. Styringsgruppa kan bestå av kven som helst i kommunen - jo større bredde jo betre. Det må være minst ein representant frå kommunen.
• Kommunestyret må gjere eit vedtak om å støtte Fairtrade, og servere Fairtrade-merka kaffe og te til sine ansatte og på møter.
• Et utval av Fairtrade-merka produkt må vere tilgjenglig i lokale butikkar og serveringsstader.
• Fairtrade-merka produkt må nyttast i et visst antall lokale bedrifter, skular, kyrkjer eller liknande.
• Det skal drivast eit aktivt informasjonsarbeid i kommunen


Fairtrade i Tysvær
Tysvær kommunestyre har einstemmig vedtatt at Tysvær kommune skal arbeide for å bli ein Fairtrade-kommune. Dette arbeidet er godt i gang og vi tar sikte på å søkje om å bli ein Fairtrade-kommune i løpet av våren 2010.

Vi treng fortsatt fleire med på dette arbeidet og inviterer butikkar, serveringsstader, lag og organisasjonar til å ta kontakt for å vere ”med på laget”.
 

Publisert 02.02.10 av John Leiv Dahlseng