Eingongsstønad eller foreldrepengar
Foreldrepengar skal sikre inntekt for foreldra i samband med fødsel og adopsjon. Det er ei forutsetjing at den som mottek foreldrepengar har omsorg for barnet og ikkje er i arbeid.
Opptening og berekning av foreldrepengar
For å ha rett til foreldrepengar må ein ha vore yrkesaktiv med pensjonsgjevande inntekt i minst 6 av dei siste 10 månadane før vedkommandes stønadsperiode tek til. Foreldrepengar vert utrekna på same måte som sjukepengar. Det vert ikkje ytt foreldrepengar for inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda. Dette utgjer 421 536 kroner (2008).
Perioden med foreldrepengar
Stønadsperioden ved fødsel er 54 veker med 80 prosent lønnsdekning eller 44 veker med 100 prosent. Ved adopsjon er stønadsperioden 51 veker med 80 prosent lønnsdekning eller 41 veker med 100 prosent. Dette gjeld fødslar og omsorgsovertakelsar frå og med 1. juli 2006.
Eingongsstønad
Kvinner som ikkje har rett til foreldrepengar, får utbetalt ein eingongsstønad. Eingongsstønaden utgjer 33 584 kroner per barn. Retten til foreldrepengar og eingongsstønad er heimla i folketrygdlova kapittel 14.



