Offentleg eller privat skifte

Arvingane må ta stilling til korleis boet skal skiftes, det vil sei kven som skal fordele arva etter avdøde mellom arvingene.

Det finns fleire former for skifte, men reglane for skiftet er for det meste dei same uansett korleis skiftet gjennomføres på.

Det mest vanlege er privat skifte, det vil sei at arvingane vert einige seg imellom om korleis eiendeler og formue skal fordelast. Difor er det viktig å fastslå kven som er avdødes faktiske arvingar. Dersom arvingane skal gjennomføre eit privat skifte, utsteder skifteretten ein skifteattest. Denne attesten vil gje arvingane råderett over avdødes eiendeler.

Dersom arvingane ikkje ønskjer å påta seg noko ansvar med å fordele avdødes formue og eiendeler, kan tingretten gjennomføre eit offentleg skifte. Tingretten vil då skaffe seg ei oversikt over avdødes formue og eiendeler og registrere desse. Som regel vil kontakten med arvingane bli opprettholdt gjennom skiftesamlinger som leiast av ein bostyrar som er oppnemnt av tingretten. I desse samlingane vil dei fleste beslutningar i samband med bobehandlinga bli tatt. Når alle spørsmål er avklart, vil tingretten avslutte det offentlege skiftet med ei utlodning (fordeling).

Publisert 11.02.09