Den kulturelle spaserstokken
Kultur gir livskraft og lindring!
Den Kulturelle Spaserstokken er eit nasjonalt prosjekt, der målet er å utvikle gode kunst- og kulturtiltak for eldre. Tysvær kommune har i prosjektet "På ei sengelengdes avstand" hatt fokus på brukarar som ikkje føler seg sterke nok til å oppsøke felles arrangement. Her kjem ikkje publikum til eit arrangement - artisten kjem derimot på besøk til publikum som tel alt frå to personar til eit ti-tals. Slike små arrangement har det vore mange av på institusjonane våre - i fellesrom og inne på bebuarane sine privatrom på, ja nettopp - ei sengelengdes avstand.
Artistar som har vore nytta er: Hans petter Hansen, Leif Inge Thormodsæter, Bal Musette, Ingrid Hustoft Landro, Trudelutten, Ingunn Frøyland mm.
Prosjektet er ein stor suksess og vil halda fram i 2009.
Prosjektleiar er Anne-Kjersti Aarhus.



