Adressetildeling/adresseendring
| Skildring av tenesta | TILDELING AV GATEADRESSE, DELINGSLOVA § 4-1 Med gateadresse meiner ein her eit vegnamn (adressenamn) og eit husnummer (adressenummer) som eintydig viser til ei adresseeining innanfor kommunen. Med adresseeining meiner ein det område, bygning, bygningsdel eller bustad som adressa viser til. Bokstav saman med nummeret kan også førekomme. Seksjon for kart og oppmåling i Tysvær har ansvar for tildeling, endring og registrering av adresse. Kulturstyret fastset namnet på vegen, jf kap 15.2 i forskriftene. Kommunen bestemmer for kva område ein skal tildele offisiell adresse, jf kap 15.3. I Tysvær vert byggjefelt prioritert, men på sikt vil alle bustadhus få offisiell adresse. Arbeid er i gong i ytre del. Tildeling av adresser i byggjefelt vil finne stad på eit tidlig stadium, helst når reguleringsplan/tomtedelingsplan er godkjend. Offisiell adresse kan tildelast alle bygningar som nyttast til bustadformål, fritidsformål, næringsverksemd, offentleg verksemd og anna verksemd som tener eit større publikum så langt det er formålstenlig. Ubygde eigedommar kan og tildelast adresse. Døme på dette er eigedommar som er planlagt bygt eller område som eit større publikum gjer seg nytte av, t.d. idrettsanlegg. jf kap 15.4. Adresseeininga skal tildelast den vegen den har tilkomst frå, Det er i hovudsak to prinsipp som vert nytta ved adressetildeling. 1.Tradisjonell gate- og vegadressering vert som oftast nytta i tettbygde strok. Same side skal anten ha berre partal eller berre oddetal. Det mest vanlege er å ha partal på venstre side og oddetal på høgre side. Nummereringa langs sidene til ein veg skal gå mest mogleg parallelt og ein bør reservere ledige nummer i tilfelle utbygging. 2. Avstandsprinsippet vert nytta i område med spreidd busetnad. Her vert nummertildelinga rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10-meter, for eksempel ei adresseeining som ligg 400m frå der vegen startar gjev nummer 40. Ein kan også nytte seg av kombinert tradisjonell adressering og adressering ut frå avstandsprinsippet. |
| Regelverk | Delingslova §4-1 og kap. 15 i forskrift til denne. |
| Veiledning | Kontakt Resultatområdet Kommuneutvikling |
| Søknadsfrist | Ingen spesiell, kan søkjast heile året, men kommunen avgjer kva område som skal prioriterast. |
| Søknad sendes til | Resultatområdet Kommuneutvikling |
| Klagerett | Den som har fått tildelt adressenummer kan klage på nummertildelinga, jf. delingslova § 1-6, kap. 23 i forskriftene. Fylkesmannen er klageinstans, men klagen setjast fram for kommunen. Klagefrist er 3 veker. |
| Merknader | Vegnamn vert vedteke av kommunestyret. Kontakt Resultatområdet kultur dersom De har forslag på vegnamn. |
| Kontakt oss | Resultatområdet Kommuneutvikling Seksjon for kart og oppmåling Postboks 95 5575 Aksdal |
| Ansvarleg eining | Kommuneutvikling |
| Ansvarlig leiar | Arild Karlsen |
| Avdeling | Seksjon for kart og oppmåling. |
| Kontaktperson/ saksbehandler | John Ragnar Susort (leiar) Britt Jorunn Næss |
| Telefon | 52 75 70 00 |
| Faks | 52 75 70 01 |
| E-post | bjness@tysver.kommune.no |



