Borgøyruta

Haugaland Skyssbåt AS driv frå 01.01.2010 båtruta mellom Borgøy og Steinsvik. Her kjem litt informasjon til alle reisande.
Transport av skulebarn
Haugaland Skyssbåt skal utan særleg vederlag frå barna, transportere alle skulebarn som til eikvar tid er busette på Borgøy tur/retur Steinsvik, dvs. tur om morgonen og retur om ettermiddag.
Transport av andre
I månadane mai til august kvart år, kan transport til/frå BorgøySteinsvik tingast med 30-60 min. responstid mellom følgjande tidspunkt:
| Måndag - torsdag | mellom kl. 07.30 og 16.00 |
| Fredag | mellom kl. 07.30 og 18.00 |
| Laurdag - sundag | mellom kl. 10.00-11.00 og kl. 16.00-17.00 |
I månadene januar - april og september - desember kvart år, kan transport til/frå BorgøySteinsvik tingast med responstid på 30-60 min, mellom følgjande tidspunkt:
| Måndag - fredag | mellom kl. 07.30-09.30 og 14.00-16.00 |
| Laurdag - sundag | mellom kl. 10.00-11.00 og kl. 16.00-17.00 |
Utenom dei tidspunkta som er nemnt ovanfor, kan transport til/frå Borgøy/Steinsvik tingast med ei responstid på 30-120 minutt.
Med responstid meiner ein tida som går frå motteken bestilling til båten legg til ved kai på Borgøy eller Steinsvik. Når bestilling er motteken skal Haugaland Skyssbåt gje bestillar ca. tidspunkt for ankomst kai, med maks 15. minutt avvik.
For bestilling ring Haugaland Skyssbåt på 928 21 234 / 406 26 564, eller senda e-post til post@haugaland-skyssbaat.no
Prisar
Ved transport av passasjerar og gods.
For turar kor responstid er 30-60 min.
Barn/honnør: kr.40,- inkl. mva. tur/retur
Vaksne: kr 60,- inkl. mva tur/retur
For andre turar kor responstida er 30-120 min.:
Kr. 1.000,- inkl. mva pr tur.
Ved frakt av gods som skjer til fortrengsel for passasjerar og/eller som krev eigen tur, skal pris avtalast på førehand for kvar gong med bestillar. MIndre godsmengder som vert tekne med av passasjer, og som kan takast med utan at det skjer til fortrengsel av passasjer, kan takast med vederlagfritt. Mindre godsmengder, som ikkje vert tekne med av passasjer, skal betalast per tur i samsvar med førehandsavtale med bestillar.
"Rotvær" skal trafikkera Borgøy-sambandet fra nyttår



