Besøksheim, støttekontaktar og tilsynsførarar
Barneverntenesta i Tysvær kommune treng jamnleg kontakt med personar som kan ta på seg ulike oppdrag for barneverntenesta.
Vi treng både besøksheimar, støttekontaktar og tilsynsførarar.
BESØKSHEIM
Kva er ein besøksheim?
Å vere besøksheim vil seie å bruke tid til samvær med ein eller fleire born eller ungdomar frå ein annan familie. Det kan vere frå familiar som treng avlastning, eller at borna/ungdomane har behov for å kome i eit anna miljø, og få nye, positive opplevingar. Borna vil ofte ha stor glede av å berre vere med familien på dei vanlege og kvardagslege tinga, medan det og vil vera til glede for dei å få vera med på kjekke aktivitetar.
Kven kan vere besøksheim?
Vanlege menneske, som er positive og interesserte, og ynskjer å medvirke til at menneske med behov for hjelp skal få ein positiv og meiningsfull kvardag og fritid. Det kan vere familiar med eller utan eigne born, "besteforeldregenerasjonen", eller einslege. Alder på eigne born spelar ikkje alltid like stor rolle. Ulike heimar vil passa for ulike barn/ungdom.
Arbeidstid?
Arbeidstid og mengde vil variere etter borna sine behov. Det kan vere alt frå annakvar helg til kvar sjette helg. Det kan og vere i feriar eller vekedagar. I spesielle tilfelle kan det og vere nødvendig med nokon som kan stille opp på kort varsel.
STØTTEKONTAKT
Kva er ein støttekontakt?
Å vere støttekontakt vil seier å ha samvær med born/ungdom på fritida deira. Nokre born har kanskje lite nettverk og er med på lite fritidsaktivitetar, eller har kanskje foreldre som ikkje kan fylgje opp alle aktivitetar. Arbeidet som støttekontakt går difor ut på å vere saman med barnet/den unge, enten i eigen heim eller delta i sosiale aktivitetar med dei. Nokre born kan og trenge lettare rettleiing i sosiale samanhengar.
Kven kan vere støttekontakt?
Menn og kvinner frå 18 år og oppover. Me ynskjer og her nokon som er positive og interesserte i å hjelpe born/ungdom i kvardagen og fritida. Det er bra om du har ulike interesser/hobbyar. Det er og viktig å kunne setje seg inn kva behov det einskilde bornet har.
Arbeidstid?
Dette blir og etter barnet/ den unge sitt behov. Det kan vere ein eller to ettermiddagar i veka, eller nokre timar i helga.
GENERELT FOR BÅDE BESØKSHEIM OG STØTTEKONTAKT
Samarbeid
Besøksheim/støttekontakt er eit hjelpetiltak barneverntenesta tilbyr familien. Dette krev at besøksheim/støttekontakt, familien og barneverntenesta samarbeider. Me har difor samarbeidsmøter jamleg. Besøksheim/støttekontakt får og veiledning frå barneverntenesta.
Løns - og tilsetjingsforhold i tråd med kommunale reglar.
Korleis gå fram?
De kan ta kontakt med barneverntenesta for spørsmål, eller ynskje om å vere besøksheim/støttekontakt. Barneverntenesta ynskjer då samtalar med dykk for godkjenning. Det vert og krevd politiattest.
TILSYNSFØRAR I FOSTERHEIM
Kva er ein tilsynsførar?
Ein tilsynsførar arbeidar i forhold til barn som plassert i fosterheim. Ein tilsynsførar skal føre kontroll me at barnet får tilfredstillande omsorg i fosterheimen. Dette gjer ein gjennom samtalar og kontakt med fosterbarnet og fosterforeldre.
Kven kan vera tilsynsførar?
Det vert ikkje stilt spesielle krav til utdanning eller arbeidserfaring. Det er likevel ein fordel om du har erfaring frå arbeid med barn og unge.
Arbeidstid?
Lova seier at det skal førast tilsyn minimum 4 gonger i året. Ved oppstart er det vanleg med litt fleire besøk. Det skal og skrivast ein kort rapport etter tilsynet. Det er vanleg å rekne 3-5 timar pr besøk.
Ta kontakt med barneverntenesta for nærare informasjon!
Sjå og link for meir informasjon: http://www.fosterhjem.no/filestore/Tilsynsfrere_Nynorskl.pdf dersom du er interessert eller vil vite meir om dei ulike oppdraga ovanfor: Sentralbord Tysvær kommune tlf: 52757000




