Bedrift og etablering

Haugaland Vekst IKS jobber med næringsutvikling i Haugesundregionen.

Tenkjer du å starta di eiga verksemdt kan vi vere med å rettleie deg. I ei årrekke har Haugaland Vekst arrangert start-opp seminar for dei som ynskjer eller nyleg har starta eigen bedrift. Målgruppa for seminaret er dei som har ein forretningsidé og ynskjer informasjon og hjelp til å gjere vurderingar og ta dei rette valga i samband med etablering av eiga verksemd.

I tillegg til start-opp seminarer arrangerer også Haugaland Vekst temabaserte seminarer. Dette kan vere tema som oppbyggjing av en forretningsplan, regnskapsforståing, budsjettering, salg og marknadsføring.

Haugaland Vekst IKS – Regionens Moglegheitsutviklar
Haugaland Vekst jobbar med næringsutvikling på tvers av kommunegrenser. Vi har som mål å bidra til verdiskaping på Haugalandet samt leggje til rette for god kontakt mellom det offentlege og næringsdrivande.

Fokusområda for Haugaland Vekst er:
• Næringsutvikling
• Regional koordinering
• Stedsutvikling
• Prosjektutvikling
• Etablererservice

Kommunane Haugesund, Tysvær, Bokn og Utsira samt Rogaland Fylkeskommune er eigarar av Haugaland Vekst.

For dei som vurderar eller ynskjer å starte eiga verksemd i Tysvær kan Haugaland Vekst IKS hjelpe deg med å skaffe informasjon om kvar du kan få hjelp og kva finansieringsordningar som finst.

Kontakt Haugaland Vekst ved Inger Kallevik Haavik for meir informasjon.

Publisert 20.10.09 av Anne Vigdis Ellingsen