Barnebidrag - privat avtale eller offentleg fastsetjing
Barnebidrag er i utgangspunktet eit privatrettsleg anliggjande, og barnebidrag kan avtalast og betalast utan at det offentlege vert involvert. Regelverket for barnebidrag er ein del av barnelova.
Dersom foreldra ikkje blir samde om barnebidraget, kan dei be arbeids- og velferdsetaten ved NAV lokalt om å fastsettje det. I saker der NAV lokalt fattar vedtak om fastsetjing eller endring av bidraget, må partane som eit utgangspunkt betale eit gebyr kvar.
Ved offentleg fastsetjing av barnebidrag vert det teke det utgangspunkt i kva barnet sitt underhald koster. Dette vert kalla underhaldskostnaden. Underhaldskostnaden skal fordelast mellom foreldra etter inntekta deira. Den av foreldra som har høgast inntekt skal dekkje den største andelen av utgiftene til barnet. Ved fastsetjing av bidrag skal det vidare takast hensyn til bidragsevna til den bidragspliktige, og kor mykje samvær den bidragspliktige har med barnet. Det offentlege nyttar faste satsar ved fastsetjing av bidrag.
Også anna lovverk har reglar som angår barnebidrag, blant anna forskotteringslova.



