Logopedi
| Skildring av tenesta | Logopedi er arbeid med språkleg kommunikasjon og problem knytta til denne. Logopeden dekker heile spekteret frå barnehage til gamle. Borna som det blir jobba med, er ofte først tilviste PPT. PPT sender deretter aktuelle saker vidare til kommunal logoped, som arbeider med desse borna så lenge det trengst. Arbeidet omfattar fleire typar språkvanskar. Ganske vanleg er uttalevanskar, stamming, stemmeproblem o.l. Dei vaksne/gamle er ofte slagpasientar på sjukehuset, institusjonar eller i heimen. Desse har fått afasi etter hjerneskade. Men også andre vanskar dukkar opp, slik som skadar etter alvorlege ulukker, stemmevanskar, stamming, lese-og skrivevanskar m.m. Ein del av arbeidet føregår på logopedkontoret, men elles er logopedane å finna rundt i barnehagar, på skular, på sjukehuset og institusjonar og i heimar. |
| Målgruppe | Barn og vaksne i Tysvær kommune som har: 1) Taleflytvanskar (stamming) 2) Språkvanskar (særleg hjå born) 3) Stemmevanskar 4) Afasi (språkvanskar etter slag) |
| Kriterium/vilkår | Tilvising frå føresette, PPT, institusjon, lege eller barnehage |
| Brosjyrer, dokumenter o.l. | Informasjon frå logopedkontoret om tenesta. |
| Samarbeidspartnarar | Resultatområde helse og omsorg |
| Gjeldande lover og regelverk | Veiledar i rehabilitering av slagramma: Kap. 8 |
| Veiledning | Ved behov kan ein ta kontakt med logopedkontoret eller leiar for pedagogisk senter. |
| Søknad sendes til | Tilvisningskjema sendes til Logoped eller PPT. |
| Søknadsbehandling | Tilvising frå institusjon/lege/føresett går til logoped (i mange høve via PPT) |
| Klagerett | 3 veker jfr forvaltningslova §28. |
| Ansvarleg eining | Resultatområde skule |
| Ansvarlig leiar | Hartvig Waage |
| Avdeling | Tysvær opplæringssenter |
| Kontaktperson | John Andre Helgø |
| Telefon | 52758050 |
| Faks | 52758001 |
| E-post | john.andre.helgo@tysver.kommune.no |
Publisert 22.02.09



