Arbeidstiltak - VEPRO
| Skildring av tenesta | Tysvær Vepro driv med vedproduksjon for sal til alle. Vi gjer alt i frå skoging til levering av ferdig tørka ved. Vidare utfører vi plenklippping, klipping av hekk, rydding, papp og papir-innsamling for dei kommunale tenester, makulering, snømåking og strøing. I tillegg kan vi i enkelte høve hjelpa til med flytting. Tenesta er meint å vere til hjelp for eldre, uføre, flykningar og funksjonshemma. I tillegg driv vi med utkjøring og montering av hjelpemidlar. Ein har også ansvar for vask og vedlikehald av kommunale hjelpemidlar og vask av kommunale bilar. Montering, demontering, testing, vedlikehald av trygghetslalarmane og nøkkelboksar utføres også av Vepro. Vidare gjer ein anna vedlikehaldsarbeid for kommunen. Me har også ansvar for dekkskift på leasingbilane som kommunen til ei kvar tid har. Vepro har også ei arbeidsstove som utfører ulike handarbeidsaktivitetar som t.d. strikking, hekling og liknande. Det vert også utført enkle søm-oppdrag. I tillegg til dette vert det laga kort for ulike anledningar som bryllup, barnedåpar og bursdagar. Til tider har vi oppdrag for trykkeri som vi gjer enkle grafiske arbeid for. Før jul er det julemesse og då er det anledning til å kjøpe det som vert laga. |
| Målgruppe | Tenestene er retta mot innbyggarane i kommunen. |
| Kriterium/vilkår | Hovudmålgruppa er personar med funksjonshemmingar |
| Pris for tenesta | Tenesta er subsidiert og er ikkje meint å væra ein konkurent til det øvrige næringsliv i kommunen. Prisar vert fastsette av kommunestyret. |
| Samarbeidspartnarar | Målgruppa for tenesta og det øvrige tenesteapparatet i kommunen. |
| Regelverk | Lov om sosiale tenester §4-2a og kommunestyre vedtak. |
| Veiledning | Ein får kontakt med tenesta ved å ta direkte kontakt pr.telefon. Tlf. 52 75 88 60. |
| Søknadsskjema | Soknadskjema Tysvær Vepro / Tysvær Opplaeringsente |
| Søknad sendes til | Når det gjeld tryggleiksalarmar må ein søkja på eige skjema. |
| Besøksadresse | Hamrane 18, 5563 Førresfjorden |
| Opningstid | Kvardagar 07.45 - 15.15 |
| Ansvarleg eining | Arbeidstiltak - Tysvær Vepro |
| Ansvarlig leiar | Rehabiliteringssjef |
| Avdeling | Resultatområdet rehabilitering |
| Kontaktperson | Arbeidskoordinator Nils Stråtveit |
| Telefon | 52 75 88 60 |
Publisert 10.02.09



