Ambulerande skjenkeløyve

Ambulerande skjenkeløyve
Skildring av tenesta Kommunen avgjer kven som kan få skjenkeløyve. Ambulerande skjenkeløyve gjeld slutta lag.
 
Kriterium/vilkår Løyvet gjeld berre for omsøkt lokale og ikkje tilstøytande lokale eller uterom. Det er ein føresetnad for løyvet at skjenking blir utført av betjening som har fylt 20 år i samsvar med forskrifter om skjenking.

Når ambulerande skjenkeløyve blir gitt lag/foreiningar, gjeld følgjande avgrensingar:
- arrangementet er internt, dvs med påmelding for eigne
medlemmer til årsfestar m.m.
- løyva kan ikkje nyttast til arrangement som blir annonsert
og er ope for allmennheten.
- kan ikkje bli gitt til lag/organisasjonar når dei skal ha
arrangement der personar under 18 år skal delta.

Skjenking av alkohol skal skje innanfor følgjande tider:
For kvardagar frå kl 12.00 til kl 01.00
For søn- helligdagar frå kl 13.00 - 01.00

Alle stader der det blir servert alkoholhaldig drikk, skal ha likeverdige alkoholsvake/alkoholfrie tilbod. Ansvarshavande har plikt til å orientera seg om alkohollova sine bestemmelsar og er ansvarleg for at desse blir følgde.
 

Pris for tenesta Det blir sendt ein faktura på kr 200,- pr. løyve som skal innbetalast før arrangementet finn stad. Kvittering skal leggjast fram ved evt. inspeksjon.
 
Tilsvarande tenester Kunnskapsprøve i alkohollova 
Regelverk Alkohollova § 4 - 5 
Veiledning Søknadsskjema kan ein få ved å venda seg til Servicetorget
 
Søknad sendes til Tysvær kommune
rådmannen
Postboks 94
5575 Aksdal
 
Behandlingstid 3 - 4 dagar
 
Klagerett Etter Forvaltningslova §28 har De rett til å klaga på eit vedtak som er gjort av Tysvær kommune. Klagefristen er tre veker frå De har motteke vedtaket. 
 
Opningstid 08.00 - 15.30
Ansvarleg eining Rådmannen sin stab
Ansvarlig leiar Rådmannen
Telefon 52 75 70 00
Faks 52 75 70 01
E-post post@tysver.kommune.no
Publisert 04.02.09