Peter og ulven – konsert og film på ein gong

Bilde

Om lag 450 tysværelevar, dei fleste på 2.-4 trinn, fekk fredag ein kombinert film og konsertoppleving då dei besøkte Tysværtunet kulturhus.

Filmen dei såg handla om Peter som bur saman med bestefaren sin på ei eng i nærleiken av skogen. Peter har mange dyrevenner, men har ikkje lov å gå utanfor gjerdet og inn i skogen. Ein dag gjer han det likevel, og der kjem ulven…

Under leiing av dirigent Lars Erik ter Jung framførte Harald Hårfagre kammerorkester musikken til filmen. Musikken er skriven  av den russiske komponisten Sergei Prokofiev og laga slik at kvart dyr har sin eigen melodi og sitt eige instrument. Før filmen og konserten starta fortalte Janna Kari Kvinnesland om orkesteret og om korleis musikken kan vere med på å skapa spenning i filmen.

Arrangementet var ein del av ”Tysværskreppå” – Den kulturelle skulesekken for Tysvær kommune.



 

Publisert 09.03.10 av Marit R. Lothe