Nye standardar for universell utforming

Standard Norge overrekte nye standardar for universell utforming til Liv Signe Navarsete 27. januar 2010.
- Dei nye standardane for universell utforming er gode hjelpemiddel for å gje alle menneske tilgjenge til viktige bygningar, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete under lanseringa av Standard Norges nye standardar for universell utforming av arbeidsbygg, publikumsbygg og bustader.
I den nye plan- og bygningslova som skal gjelde frå 1. juli 2010, er krava til tilgjenge skjerpa. Mellom anna skal både arbeidsbygg og publikumsbygg vere universelt utforma.
- Regjeringa vil at bygningar som gjeld alle, skal vere tilgjengelege for alle. Ingen skal måtte stoppe i døra eller trenge særskilde løysingar for å komme inn eller rundt i ulike delar av slike bygg, seier Navarsete.
Standard Norge har utvikla dei nye standardane saman med mellom anna Husbanken, byggjenæringa og interessegrupper.
Du kan lese meir om standardane for universell utforming her:
http://www.bygg.no/id/50213

Standardene ble overrakt kommunal– og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) 27. januar av Standard Norge.



