Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Godkjent reguleringsplan for Kvinnesland B54

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

 

B54 Kvinnesland

I møte 22.11.2016 godkjente Tysvær kommunestyre detaljreguleringsplan for Kvinnesland B54. Godkjenninga av blei gjort i medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova.

Intensjonen med planforslaget er å tilrettelegge for etablering av inntil 14 einebustadar, alternativt 7 einebustadar og inntil 7 tomannsbustadar med tilhøyrande anlegg.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast innan 3 – tre veker frå denne kunngjeringa, jf. forvaltningslova kapittel VI, jf. plan- og bygningslova § 1-9. Klagen skal setjast fram skriftleg for: Tysvær kommune, forvaltningsavdelinga, Pb. 94, 5575 AKSDAL.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram for kommunen innan 3 – tre år frå denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova kapittel 15

 

Vedlegg:

Saksframlegg

Føresegner

Plankart