Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Godkjent reguleringsplan for Sandvik Camping

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

plankart sandvik tmb

I møte 21.06.2016 godkjente Tysvær kommunestyre endring av detaljreguleringsplan for Sandvik Camping. Godkjenninga blei gjort i medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova.

Planforslaget legg opp til ei utviding av eksisterande campingplass på Sandvik. Føremålet med planen er å leggje til rette for fritids- og turistføremål med areal for serviceanlegg, leik, grøntområde, badeplass, småbåthamn, utleigehytter og oppstillingsplass for camping- og husvogner, samt at planen skal legge området langs sjøen meir til rette for friluftsformål og sjønære overnattingsplassar.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast innan 3 – tre veker frå denne kunngjeringa, jf. forvaltningslova kapittel VI, jf. plan- og bygningslova § 1-9. Klagen skal setjast fram skriftleg for: Tysvær kommune, resultatområde teknisk, Pb. 94, 5575 AKSDAL.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram for kommunen innan 3 – tre år frå denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova kapittel 15.

 

Vedlegg:

Saksframlegg

Føresegner

Plankart