Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Godkjent reguleringsplan Stegaberg skule

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

plankart gamle stegaberg skule tmb

I møte 21.06.2016 godkjente Tysvær kommunestyre detaljreguleringsplan for butiltak på Stegaberg. Godkjenninga av detaljreguleringsplanen blei gjort i medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova.

Bakgrunnen for planarbeidet er etablering av eit nytt butiltak. I 2014 blei det gjort ein strukturgjennomgang for butiltak i kommunen, kor det blei bestemt at det skal etablerast eit nytt butiltak med 8 bustadar på tomta til gamle Stegaberg skule. I kommuneplanen er området sett av til det kombinerte føremålet anlegg og bebyggelse, og etter kommuneplanen var det då nødvendig med reguleringsplan ved bruksendring.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast innan 3 – tre veker frå denne kunngjeringa, jf. forvaltningslova kapittel VI, jf. plan- og bygningslova § 1-9. Klagen skal setjast fram skriftleg for: Tysvær kommune, forvaltningsavdelinga, Pb. 94, 5575 AKSDAL.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram for kommunen innan 3 – tre år frå denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova kapittel 15.

 

Vedlegg:

Saksframlegg

Føresegner

Plankart