Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Godkjent reguleringsplan for Småget

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

SMÅGET plankart tmb

I møte 21.06.2016 har Tysvær kommunestyre godkjent endring av detaljreguleringsplan Småget, i samsvar med § 12-12 i plan- og bygningslova.

Føremålet med denne planendringa er å oppføre leilegheitsbygg for 8 bueiningar, med parkering i kjellar. Planendringa er ei endring av gjeldande reguleringsplan, ifrå konsentrerte småhus til blokkbusetnad.

Vedtaket kan påklagast innan 3 veker frå denne kunngjeringa, jf. fvl. kap. VI, jf. pbl. § 1-9.

Klaga skal setjast fram skriftleg for: Tysvær kommune, forvaltningsavdelinga, pb. 94, 5575 AKSDAL.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram for kommunen innen 3 år frå denne kunngjeringa, jf. pbl. kap. 15.

 

Vedlegg:

Plankart

Føresegner

Saksframlegg