Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Ferdig reguleringsplan: E134 gjennom Aksdal

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

E134 gjennom Aksdal 2
Tysvær kommunestyre godkjente detaljreguleringsplan for E134 gjennom Aksdal med tilhøyrande sekundærvegnett den 10.05.2016, i samsvar med § 12-12 i plan- og bygningslova.

Føremålet med denne planen er å regulera delar av E134 gjennom Aksdal med tilhøyrande sekundærvegar som skal legga til rette for vidare utbygging  i Aksdal.

Vedtaket kan påklagast innan 3 veker frå denne kunngjeringa, jf. fvl. kap. VI, jf. pbl. § 1-9.

Klaga skal setjast fram skriftleg for: Tysvær kommune, resultatområde teknisk, pb. 94, 5575 AKSDAL.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram for kommunen innen 3 år frå denne kunngjeringa, jf. pbl. kap. 15.

 

Vedlegg:

- saksframlegg

- plankart

- føresegner