Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Kunngjering av reguleringsplan for Stølsberg

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

Stølsberg 2

I møte 01.03.2016 godkjente Tysvær kommunestyre detaljreguleringsplan for Stølsberg.

 Godkjenninga av detaljreguleringsplanen for Stølsberg blei gjort i medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova.

Bakgrunnen for gjeldande planendring er behov for areal til offentlege tenester, og samstundes ønskje om betre utnytting av utbyggingpotensialet på kommunen sin eigedom, gbnr. 72/66.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast innan 3 – tre veker frå denne kunngjeringa, jf. forvaltningslova kapittel VI, jf. plan- og bygningslova § 1-9. Klagen skal setjast fram skriftleg for: Tysvær kommune, resultatområde teknisk, Pb. 94, 5575 AKSDAL.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram for kommunen innan 3 – tre år frå denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova kapittel 15.

 

Vedlegg:

- saksframlegg

- plankart

- føresegner