Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Varsel om oppstart i Svartevågen, Toftøysund

Skrevet av Trond Tindeland .

Toftoysund tmb
Varsel om oppstart av detaljregulering for småbåthamn og hytter – Svartevågen, Toftøysund i Tysvær kommune.

 

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega Areal as på vegne av Byggmester Magnar Halvorsen skal utarbeide forslag til reguleringsplan for ovanfor nemnde område. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Tysvær kommune og Omega Areal as.

Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til LNF- område og framtidig småbåthamn. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for småbåthamn med tilkomst og parkering, fri-/ grøntområde og eit mindre område for hytter.

Området er av Tysvær kommune vurdert til å utløysa krav om konsekvensutgreiing fordi hytteområde ikkje er i samsvar med kommuneplanen. Konsekvensutgreiinga blir tatt inn som ein del av plandokumentet, og det blir ikkje utarbeidd separat planprogram.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 19.02.2016.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Vedlegg:

pdf icon  Oversiktkart med plassering av planområdet

pdf icon  Utsnitt frå gjeldande kommuneplan

pdf icon  Varslingskart