Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Godkjent reguleringsplan for Vestli

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

plankart vestli

I møte 15.12.2015 godkjente Tysvær kommunestyre detaljreguleringsplan for Vestli.

 

Godkjenninga av detaljreguleringsplanen for Vestli blei gjort i medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova.

Føremålet med planarbeidet er å leggje forholda til rette for meir bustadbygging på kommunale og private eigedomar på Vestli, i tillegg til å betre linjeføringa for eksisterande veg i området.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast innan 3 – tre veker frå denne kunngjeringa, jf. forvaltningslova kapittel VI, jf. plan- og bygningslova § 1-9. Klagen skal setjast fram skriftleg for: Tysvær kommune, resultatområde teknisk, Pb. 94, 5575 AKSDAL.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram for kommunen innan 3 – tre år frå denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova kapittel 15.

 

Vedlegg:

- saksframlegg

- plankart

- føresegner