Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Godkjent reguleringsplan for Langøy

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

plankart langoy 2

I møte 15.12.2015 godkjente Tysvær kommunestyre detaljreguleringsplan for båthamn Langøy.

 

Godkjenninga av detaljreguleringsplanen for Langøy blei gjort i medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova.

Føremålet med planarbeidet er å mellom anna å leggje til rette for utleigehytter/turistanlegg og leggje til rette for ei større båthamn som kan tene som båthamn for fleire hytteutbyggingar i området.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast innan 3 – tre veker frå denne kunngjeringa, jf. forvaltningslova kapittel VI, jf. plan- og bygningslova § 1-9. Klagen skal setjast fram skriftleg for: Tysvær kommune, resultatområde teknisk, Pb. 94, 5575 AKSDAL.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram for kommunen innan 3 – tre år frå denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova kapittel 15.

 

Vedlegg:

- saksframlegg

- føresegner

- plankart