Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Godkjent reguleringsplan i Haugaland Næringspark

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

plankart haugaland naringspark8og9
I møte 15.12.2015 godkjente Tysvær kommunestyre detaljreguleringsplan for delområde 8 og 9 i Haugaland Næringspark.

 

Godkjenninga av detaljreguleringsplan for delområde 8 og 9 Haugaland Næringspark blei gjort i medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova.

Føremålet med planarbeidet er å klarleggje korleis det kan byggas innanfor industriområde 8 og 9, samt område til nytt kommunalt avløpsanlegg, løysingar for tilkomst og infrastruktur.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast innan 3 – tre veker frå denne kunngjeringa, jf. forvaltningslova kapittel VI, jf. plan- og bygningslova § 1-9. Klagen skal setjast fram skriftleg for: Tysvær kommune, resultatområde teknisk, Pb. 94, 5575 AKSDAL.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram for kommunen innan 3 – tre år frå denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova kapittel 15.

 

Vedlegg:

saksframlegg

føresegner

plankart