Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Varsel om oppstart av reguleringsplan ved Stuvik

Skrevet av Trond Tindeland .

stuvik tmb
Varsel om oppstart av detaljregulering for bustadbygg og småbåthamn ved Stuvik i Nedstrand.

 

I samsvar med §12-8 i plan- og bygningslova, blir det med dette gjort kjent at Omega Areal as på vegne av tiltakshavar Rasmus Skorpe skal utarbeide forslag til detaljreguleringsplan for eit område ved Stuvik. Planområdet går fram av vedlegga nedanfor.

I kommuneplanen er arealet avsett til område for fritids- og turistformål.

Føremålet med planarbeidet er å bygga konsentrerte bustadar med tilhøyrande uteanlegg og båtplassar. Det kan vera aktuelt å utvide eksisterande småbåthavn med bølgebrytar og opptil 20 båtplassar. Planområdet er på 11,06 daa og inkluderer eksisterande kai og molo.

Det vil bli utarbeidd konsekvensanalyse som del av planen, utan planprogram.

Spørsmål til planarbeidet kan stillast på tlf: 975 40 000/469 82 007.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 ØLENSVÅG eller areal@omega.no.

Vedlegg:

- Varslingskart

- Varslingsområde