Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Endring av reguleringsplan Bådsvik, Skjoldastraumen

Skrevet av Trond Tindeland .

Baadsvik tmb
Varsel om oppstart av arbeid med endring av reguleringsplan for Bådsvik, Skjoldastraumen, med tilhøyrande reguleringsføresegner.

 


I samsvar med § 12 i plan- og bygningslova blir det med dette gjort kjent at det blir sett i gong arbeid med endring av nemnde reguleringsplan. Området ligg aust for fv. 515. Utsnitt av planen med aktuelt endringsområde er vist i vedlegg.

Det blir varsla om mindre endring av gjeldande regulering der området er sett av til bustadar m/tilhøyrande anlegg. Føremålet med reguleringsarbeidet er å legga til rette for konsentrert utbygging (2 og 4- mannsbustadar) på eit mindre tal tomter.

Denne varslinga må sjåast på som eit høve til å koma med merknadar før det blir gjort vedtak. Ved eventuelle innkomne merknadar i  varslingsperioden kan planarbeidet bli gjort om til detaljplanprosess. Dersom det ikkje kjem merknadar i varslingsperioden vil saka bli behandla som mindre endring. Vedtaket av den mindre endringa blir ikkje lagt ut til offentleg ettersyn med høve til innlevering av klage.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000 / 469 82 007.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til
Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 21.12.2015

Vedlegg:

PDF icon 16x16  Oversiktskart

PDF icon 16x16  Kart