Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Varsel om oppstart Hervik Brygge

Skrevet av Trond Tindeland .

Hervik brygge tmb
Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Hervik Brygge i Tysvær.

 


I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega Areal AS på vegne av tiltakshavar skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Hervik Brygge i Tysvær kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart.

Området ligg på vestsida av Hervikvågen og er i gjeldande kommuneplan sett av til forretning og friområde. I reguleringsplanane er området vist som forretning.

Området vil bli nytta til konsentrert bustadbygging, forretning, bevertning og båthamn med tilhøyrande infrastruktur.

Tysvær kommune har vurdert at planen i det vesentlege er i samsvar med godkjent kommuneplan og det blir derfor ikkje utarbeidd planprogram i medhald av § 4-1 i plan- og bygningslova.

Det vil bli utarbeidd ein planomtale for det aktuelle arealet.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal AS v/ Arild Karlsen, tlf 469 82 007.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til
Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 21.12.2015.

 

Vedlegg:

PDF icon 16x16  Oversiktskart
PDF icon 16x16  Planområde
PDF icon 16x16  Utsnitt av delplan