Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Oppstart reguleringsarbeid Steinsvik

Skrevet av Trond Tindeland .

logoHereidHus
Varsel om oppstart av detaljregulering for plan 201517 "EIKELI", GNR.37, BNR.1, Steinsvik, Tysvær kommune.

 

I samsvar med Lov om planlegging og byggesaksbehandling §12-8 blir det med dette varsla om oppstart av privat detaljreguleringsarbeid. Planavgrensinga er vist stipla på kartutsnitt. Planområdet ligg ved FV776 rett sør for avkøyringa til Borgøy. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for 8 hytter aust for fylkesvegen. Kommuneplanen viser arealet som «Fritidsbustad». Planområdet omfattar eit areal på ca. 10,7daa der også parkering inngår. Tilkoma til parkeringsplass er tenkt frå fylkesvegen. Internt i området blir det ikkje køyreveg til kvar hytte. Ved sjøen er det vist eit område på ca. 0,5daa for naust/sjøbuer og båtplassar. Sjøarealet er på 165 m2. Mellom hytteområdet og båtplassane er det vist areal for gangsti. Kommunen har vurdert det slik at tiltaket ikkje krev konsekvensutgreiing. Arbeidet blir utført på vegne av grunneigar.

Dersom det er spørsmål om planarbeidet, kontakt: Siv.ark. Kåre Frøland, tlf.: 901 41 525 eller epost: kare.froland@hereid.com

Merknad eller protest til oppstart av reguleringsplanarbeid må sendast skriftleg (brev/epost) til:
Siv.ark. Kåre Frøland, Hereid Hus, pb.33, 4299 Avaldsnes eller kare.froland@hereid.com
innan 14. desember 2015.

PDF icon 16x16  Kartutsnitt