Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Godkjent reguleringsplan for Førreparken

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

Forreparken tmb

Detaljreguleringsplan for Førreparken er no godkjent. Reguleringsplanen er ein endring av gjeldande reguleringsplan for Førreparken.

I medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova godkjente Tysvær kommunestyre den 08.09.2015 detaljreguleringsplan for Førreparken. Føremålet med planarbeidet er å tilrettelegge eigedomen gbnr. 79/286 for to forskjellige buformer; rekkehus som er tilpassa barnefamiliar, og små hybelleilegheiter som er tilpassa einslege og eldre. Sokkeletasje i leilegheitsbygg vert tilrettelagd for småetablerarar i form av næring/kontor.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast innan 3 – tre veker frå denne kunngjeringa, jf. forvaltningslova kapittel VI, jf. plan- og bygningslova § 1-9. Klagen skal setjast fram skriftleg for: Tysvær kommune, resultatområde teknisk, Pb. 94, 5575 AKSDAL.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram for kommunen innan 3 – tre år frå denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova kapittel 15.

Vedlegg:

- Saksframlegg

- Føresegner

- Plankart