Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Varsel om oppstart Aksdalsvegen

Skrevet av Trond Tindeland .

Kart-for-varsel-Aksdalsvegen tmb
I samsvar med Plan- og bygningslova § 12-8 og § 12-4 blir det varsla igangsetting av arbeid med reguleringsplan for Aksdalsvegen 154-160.

 

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSARBEID FOR AKSDALSVEGEN 154-160

Varselet gjeld ei endring av gjeldande reguleringsplan Aksdal Nordre del, mindre endring av gnr/bnr 72/45 omsorgsboliger Aksdal, planID 201210, vedteken 18.02.2014.

Hensikta med planarbeidet er å endra føremålet i reguleringsplanen frå offentleg eller privat tenesteyting, til det kombinerte føremålet bustad/tenesteyting. Tillaten utnytting og høgder skal vidareførast som i gjeldande plan.

Tomta var tenkt til helse- og omsorgsformål og omsorgsbustader då den vart omregulert i 2013. No ynskjer kommunen at det skal opnast for bustader i tillegg til dei dei helse- og omsorgsrelaterte føremåla. Tomta har potensial for bygningsvolum i fleire etasjar, 3 etasjar på L1 og 5 etasjar på L2, ved bygging i samsvar med maksimale tillatne høgder. Ein ser det difor hensiktsmessig at det blir opna for private bustader i tillegg til helse- og omsorgsføremål.

Planarbeidet er i samsvar med overordna planar og Tysvær kommune krev derfor ikkje utarbeiding av planprogram og konsekvensutgreiing i samsvar med Plan- og bygningslova § 4-1 og § 4-2.

Som nabo til eigedomen eller offentleg mynde vert du varsla spesielt med dette brevet. Vedlagt kartutsnitt viser gjeldande reguleringsplan, avgrensinga av planen skal vera den same som i gjeldande plan.

Planarbeidet blir utført på vegne av Tysvær kommune. Eventuelle spørsmål kan rettast til Norconsult AS v/ Sissel Hovland og Peter Sonnenberg, tlf. 56 86 51 08 / 52 86 51 14 (45 40 47 08).

Eventuelle merknader/innspel til planarbeidet må sendast skriftleg til:

Norconsult AS
Postboks 458
5501 Haugesund

Eller epost: pso@norconsult.no / sahov@norconsult.no

Innan 29. august 2014

Vedlegg:

PDF icon 16x16  Kart for oppstartsvarsel
PDF icon 16x16  Reguleringsplan, Aksdal nordre del 
PDF icon 16x16  Reguleringsbestemmelser
PDF icon 16x16  Omsorgsboliger Aksdal Nordre Del
PDF icon 16x16  Planomtale - endring av reguleringsplan Aksdal Nordre del