Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Varsel om oppstart Sandvik Camping

Skrevet av Trond Tindeland .

Oversiktskart2 tmb
Varsel om oppstart av reguleringsarbeid for Sandvik Camping – del av gnr. 134, bnr. 1 og 5 - Tysvær kommune

 

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega Areal as skal utarbeide forslag til reguleringsplan for området Sandvik Camping i Skjoldafjorden. Planområdet går fram av vedlagte kart, og omfattar delar av gnr. 134, bnr. 1 og 5. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Tysvær kommune og Omega Areal as.

Tiltakshavar er Sandvik Camping, v/ Åsmund Sandvik.                                                      

Området er i arealdelen til kommuneplanen i hovudsak sett av til fritids- og turistføremål. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for dette føremålet ved ei omregulering og utviding av området. Dei same føremåla som i gjeldande reguleringsplan vil verta nytta i tillegg til at planen vil opne opp for utleigehytter. Tidlegare regulert og opparbeida avkøyrsle vil verta nytta.

Tysvær kommune har vurdert og konkludert med at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf. 977 40 808.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til
Omega Areal as, Kvassen, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 28.02.2014

Vedlegg i saka:

PDF icon 16x16  Oversiktkart

PDF icon 16x16  Utsnitt frå gjeldande kommuneplan

PDF icon 16x16  Utsnitt frå gjeldande reguleringsplan for Sandvik Camping

PDF icon 16x16  Planområde