Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Planarbeid for Aksdal

Skrevet av Inger Teodora Kværnø .

Planprogram tmb
Det vert med dette varsla igangsetting av planarbeid for Aksdal. Forslag til planprogram følger med revidert oppstartsvarsel.

 

Jamfør § 12-8 i Lov om planlegging og byggesaksbehandling, vert det med dette varsla igangsetting av arbeid med detaljreguleringsplanar for Aksdal i Tysvær kommune. For å kunne dekke dei områda ein no ser kan være aktuelle å inngå i reguleringsplanane er planområda noko utvida i forhold til det planarbeidet som vart varsla i 2012.

Til grunn for arbeidet som no skal gjerast med reguleringsplanane ligg ei konsekvensutgreiing med fleire utviklingsstrategiar, der Tysvær kommunestyre i møte 26.11.13 har vedtatt følgjande føringar for planarbeidet:

- nytt kjøpesenter vert plassert 30 meter sør for senterlinje E134
- over kjøpesenteret vert det opna for bygging av nytt hotell og bygging av bustader
- eksisterande sentrumsrundkjøring på E134 vert vurdert oppretthalden
- det vert vurdert satt av areal til nytt kollektivanlegg sør for E134
- område BA3 i kommuneplanen kan nyttast til bustadformål og sjåast i samanheng med bustadområde Bongsatjørn
- for å sikra tilstrekkelig med leikeareal vil det bli vurdert utfylling i nordre del av Bongsatjørn

Formålet med planarbeidet er å skape veksttilhøve for Aksdal sentrum både med handel, bustader og vegløysingar. I kommuneplanen er områda sett av til sentrumsføremål, bustadområde, erverv, trafikkområde og friområde mm.

Saman med oppstartsvarsel vert forslag til planprogram for konsekvensutgreiing lagt ut til offentleg ettersyn.

Konsekvensutgreiinga vil opne for at det kan utarbeidast 3 reguleringsplanar for høvesvis: 

- Detaljreguleringsplan for overordna vegsystem i Aksdal
- Detaljreguleringsplan for nytt kjøpesenter 
- Detaljreguleringsplan for bustadområde Bongsatjørn og tilliggande friområder

Forslag til planprogram for konsekvensutgreiing og den konsekvensutgreiinga som ligg til grunn for vedtak i kommunestyret 26.11.13 er tilgjengelig i Servicetorget i Tysvær rådhus og i vedlegga nedanfor.

Eventuelle merknader og innspel til planarbeidet kan sendast til COWI AS, Rennesøygata 12, 5537 HAUGESUND, innan 20. februar 2014. Spørsmål vedkommande saka kan rettast til Werner Grønås, 990 90 357 E-post: weg@cowi.no

Vedlegg:
PDF icon 16x16  Planprogram (revidert)
PDF icon 16x16  Særutskrift - Konsekvensutgreiing og val av overordna planløysing
PDF icon 16x16  Hovedrapport konsekvensutredning for reguleringsplaner for Aksdal Sentrum 
PDF icon 16x16
  Konsekvensutredning, tilleggsnotat
PDF icon 16x16  Varselbrev Aksdal