Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Søknad om uttak av vatn

Skrevet av Marlin Øvregård Løvås .

NVE
Marine Harvest AS søkjer om løyve til uttak av vatn frå Storavatnet i Tysvær kommune.

  

Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) har motteke søknad frå Marine Harvest Norway AS om løyve til uttak av vatn frå Storavatnet i Årvikvassdraget ved Kårstø i Tysvær kommune.

Marine Harvest Norway AS søkjer om å ta ut vatn til eit nytt settefiskanlegg på Kårstø. Det vert søkt om eit kontinuerleg uttak av 50 l/s (3 m3/min) direkte frå Storavatnet. Vassuttaket skal skje innanfor rammene av Statoil/Gassco AS sitt løyve med villkår frå 1983, til å ta ut 158 l/s (9,5 m3/min) frå Storavatnet til gassterminalen på Kårstø.

Søknaden med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn på Servicetorget i Tysvær rådhus og på NVE sine nettsider, www.nve.no/konsesjonssaker, fram til høyringsfristen går ut. Kontakt søkjar om de ynskjer papirutgåve av søknaden. Fråsegn kan sendast elektronisk via NVE sine nettsider, per e-post til nve@nve.no eller per post til : NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.

Høyringsfrist er 12.11.2013.