Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Søknad om utslepp av avløpsvatn

Skrevet av Marlin Øvregård Løvås .

Utslepp
Cowi varslar på vegne av Tysvær kommune om søknad om utslepp av avløpsvatn i Førresfjorden.


  

På vegne av Tysvær kommune blir det søkt om utsleppsløyve for avløpsvatn for 9900 pe frå nye Tysvær avløpsrenseanlegg Gismarvik. Renseanlegget skal ligge i Haugaland Næringspark. Utsleppet skal gå til Førresfjorden mellom Fosnaholmen og Skiftesvika.  

Søknaden kan lastas ned her:

Utsleppssøknad_Tysvær_avløpsrenseanlegg_Gismarvik.pdf

Fullstendig søknad er også lagt ut til offentleg ettersyn i Servicetorget på Rådhuset i Tysvær. 

Partar og andre som blir berørt har 4 vekers frist til å koma med uttale/merknader jfr. Forureiningsforskrifta §13-4 pkt.2. Eventuelle merknader til utsleppssøknaden skal sendast COWI AS innan torsdag 31. oktober.

Adresse: COWI AS, Rennesøygata 12, 5537 Haugesund

Epost:  mhau@cowi.no,  tlf:  41 77 09 88