Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Søknad om løyve

Skrevet av Trond Tindeland .

SAR tmb

SAR AS søkjer om løyve til å etablere eit anlegg for mottak og mellomlagring av avfall.

  


SAR AS søkjer om løyve til å etablere eit anlegg for mottak og mellomlagring av avfall, samt eit behandlingsanlegg for boreavfall (farleg avfall) frå offshoreverksemd i Gismarvik hamn, Tysvær kommune.

Det blir søkt om løyve til å behandle 80 000 tonn boreavfall pr. år, fordelte på 30 000 tonn borekaks og 50 000 tonn slop og vaskevatn.

Det blir søkt om løyve til å mellomlagre maksimalt 4000 tonn borekaks, 2600 m3 borerelatert flytande avfall som boreslam , borevæske, oljeemulsjonar, sloppvatn og vaskevatn/avfall frå reingjering av tankar, 2000 m3 anna farleg avfall i bulk og 1000 tonn stykkgods farleg avfall.

SAR planlegg vidare å ta i mot, sortere og mellomlagre maksimalt 3000 tonn sortert og usortert næringsavfall (ikkje-farleg avfall). All handtering, sortering og lagring av næringsavfall vil vere fysisk åtskilt frå verksemda som omfattar farleg avfall, for å unngå utilsikta samanblanding.

SAR AS har laga ei konsekvensutgreiing for tiltaket og lagt denne ved søknaden.

Høyringsfrist 24. september

Saksdokumenta og skjema for å gje elektroniskt ilbakemelding finn du på
http://www.miljødirektoratet.no/horing2013-3339

Søknad frå bedrifta med relevante dokument er lagd ut til offentleg innsyn på servicetorga i Tysvær kommune og Karmøy kommune og er også lagd ut på kommunane sine nettsider.

Det er også mogleg å sende inn høyringskommentarar skriftleg til Miljødirektoratet, Postboks 5672 Sluppen, 7485 Trondheim. Merk brevet med 2013/3339.

icon Søknad om løyve til mottak mm