Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Dispensasjon: Aasta Hansteen

Skrevet av Trond Tindeland .

Aasta-Hansteen
Søknad om dispensasjon vedr. arbeid med Aasta Hansteen platform i Vatsfjord og Yrkefjord.

  

 

Technip Norge AS har sendt inn søknad om dispensasjon for planlagt arbeid med Aasta Hansteen produksjonsplattform. Arbeidet er planlagt å skje i Vatsfjorden og Yrkjefjorden i tidsrommet august – desember 2015.

Det er søkt om følgjande dispensasjonar:

  1. frå pbl § 1-8, forbod mot byggetiltak i 100-meters belte langs sjø, for bygging av nytt ankerpunkt M5, ved Yrkjefjorden
  2. frå kommuneplanen sin føresegner om ankring av understellet i Yrkjefjorden. Ankringsperiode frå 1.september 2015 til 30.august 2016

Søknaden og skildring av dei maritime operasjonane samt konsekvensvurdering i samband med klargjering av Aasta Hansteen ligg som vedlegg.

Opplysningar om tiltaket:

Technip og Hyundai Heavy Industries i konsortium er av Statoil, tildelt totalentreprise for levering av plattformunderstell for Aasta Hansteen produksjonsplattform. Understellet skal fabrikkerast i Korea og transporterast til Norge på dekket av eit tungtransportskip. Vel framme i Norge er det planlagt at understellet skal flytast av tungtransportskipet i Vatsfjorden for så å bli slept ut i Yrkjefjorden der understellet vert reist opp til vertikal posisjon, stabilisert og forankra temporært for å bli klargjort for samankopling med dekket.

Technip har ansvar for alt dette arbeidet og denne søknaden gjeld løyve til å utføre alle desse operasjonane. Etter dette vil Statoil ta over understellet.

Technip ønskjer å nytte Yrkjefjorden til desse aktivitetane og planlegg oppankring av understellet i Yrkjefjorden i perioden september – desember 2015. Føreburande arbeid med installasjon av temporære ankersystem vil starte i byrjinga av august 2015.

Statoil vil overta understellet når Technip har ferdigstilt sine arbeidsoppgåver i desember 2015. Statoil vil då i eigen søknad, søkje om vidare løyve for oppankring og ferdigstilling av plattforma i Yrkjefjorden frå desember 2015 til juli 2016. På same lokasjon vil då Statoil utføre samankopling av dekket og klargjering av heile plattforma for utslep til feltet sommaren 2016. Etter utslep av plattforma har Technip ansvar for å fjerne det temporære ankersystemet.

Sjølve plattforma vil ligge på Vindafjord kommune si side av Yrkjefjorden. Plattforma vil bli forankra med 6 (seks)ankerfester på land der 3 av festene vil vere på Tysvær kommune si landside.

På Tysvær sida av Yrkjefjorden er ankerpunkt M2, M5 og M1 plassert i området frå Vikanes til Ramsvikneset. Ankerfestene M2 og M1 vart etablert for fleire år sidan då det sist var oppankra plattform i dette området. Ankerkjettingar frå ankerpunkta i fjellet på land vil hengje djupt i vatnet med eit oppheng i flotør ca.150 meter frå understellet.

Planstatus:

Områder langs Yrkjefjorden der det er planlagt å etablere nytt ankerpunkt, M5 i fjellet, er i kommuneplanen sett av til landbruks-, natur- og friluftsformål (LNF-område) med omsynssone for friluftsliv. Det er då her berre tillate med oppføring av nye tiltak som har tilknyting til desse formåla. Ved plassering av nye tiltak i 100-meters beltet langs sjø skal det særleg takast omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, jordvern, landskap og andre interesser.

Det aktuelle sjøområde i Yrkjefjorden er i kommuneplan frå 2012 uavklart på grunn av motstridande motsegn frå Kystverket og Fiskeridirektoratet. Saka er nå til behandling i Fiskeri- og kystdepartementet. Formålet i kommuneplanen frå 2007, som viste dette område som “Oljeinstallasjonar” er derfor framleis gjeldande. Området har blitt nytta til riggområde der fartøy, riggar og andre installasjonar har blitt ankra opp i samband med oljeindustriverksemda på 1980-90 talet.

I føresegnene til den gamle kommuneplanen er ikkje dette formålet omtale og det er på grunn av manglande føresegner til formålet at denne søknaden vert dispensasjons behandla.

I ny kommuneplan er sjøområdet planlagt avsett til Fiske og ferdsel der føresegnene har fleire punkt som omtaler bruken av området. Dei fleste føresegnene samsvarar med vedtatt kommuneplan i Vindafjord.

Technip har forholdt seg til formålet i den gamle kommuneplanen, som framleis er gjeldane inntil nytt formål er vedtatt.

Nabovarsel:

Grunneigarar og bebuarar på Elfarvik og Vassendvik som vil ha utsikt til understellet samt ein del lag og nærliggande bedrifter er blitt varsla av Technip. Kunngjering av dei planlagde aktiviteten er og sendt til Haugesunds Avis og Grannar.

 

Innkomne merknader til tiltaket:

Technip har mottatt følgjande merknader til tiltaket:

Ståle Jøtne frå Norges Miljøvernforbund har sendt inn ein rapport som fiskarane har fått utabeida og visar til at fleire hundre personar tidlegare har skrevet under på at det ikkje er ønskjeleg med aktivitetar som forureine og øydelegg fjordane.

Arve Hersdal har i telefon med Technip påpeikt at ankring av plattforma vil hindre fiske med not i fjorden.

Bjørg Bredal Eriksen har i telefon med Technip uttrykt at denne typen aktivitet ikkje er ønska i fjorden og at ho ikkje er villig til å leige ut ankerfeste på land.

Technip har opplyst at alle grunneigarane til ankerfestene M1,M2 og M5 har gjennom sin advokat meddelt at dei prinsipielt ønskjer å forhindre ein kvar form for industriell verksemd i Yrjefjorden og av den grunn i utgangspunktet ikkje er interessert i å leige ut sine eigedomar. Subsidiært beror utleige på at det kan inngås ein avtale som grunneigarane kan akseptera.

Yrkje og Lindanger Bygdalag har i skriv den 13.06.2013 vist til at omsøkt tiltak er i vesentleg strid med den planlagde arealbruken i kommuneplanen og meiner Tysvær kommune ikkje bør gi dispensasjon i denne saka, det vil i tilfelle svekke innbyggarane sin tillit og tru på Tysvær kommune sine hensikter med planlegging av arealbruk i kommunen.

Kommunen sin kommentar til merknadane:

Leigeforhold knytt til avtalar mellom grunneigarar og Technip Norge AS vert ikkje omtala i denne saka då det vert sett på som privatrettsleg avtalar, noko som plan- og bygningslova ikkje omhandlar.

Denne søknaden vert sendt ut på høyring ved annonsering i aviser og direkte brev til berørte partar. Merknader til tiltaket vil derfor bli omtala og vurdert etter at høyringsfristen er gått ut og knytt til saksframstillinga for Teknisk utval der det vil bli fatta eit politisk endeleg vedtak.

Vurdering etter naturmangfaldlova:

Tiltaket skal vurderast etter prinsippa i §§ 8 til 12 i naturmangfaldlova, jf. § 7 i same lov. Søk i Direktoratet for naturforvaltning sin Naturbase og Artsdatabanken sitt Artskart visar at det på Tysvær-sida av fjorden ikkje er registrert nokon raudelista/prioriterte artar eller utvalde naturtypar i området kor plattforma er tenkt å ankrast opp. I Artskartet er det registrert siland (LC) i Vassendvik og havørn (LC) ved Ramsvika. Ankerpunkt M2 på Tysvær-sida ligg i eit område som er kartlagt for biologisk mangfald med verdi B (andre viktige førekomstar, furuskog). Deler av fjorden er registrert som gyteområde hjå Fiskeridirektoratet, og det er kjent at fjorden er fiskerik. Vidare har fjorden ikkje fått tilstandskarakter og risikoklasse i arbeidet med vassforskrifta enda.

Kravet til kunnskapsgrunnlaget ved vurdering skal stå i eit rimeleg forhold til saka si karakter og risiko for skade på naturmangfaldet, jf. § 8. Ved industriell aktivitet i fjorden vil utslepp til sjø alltid vere eit bekymringsmoment. Tiltakshavar meiner at ved ein normal driftssituasjon vil tiltaket ikkje føre til noko forureining og at eit eventuelt utslepp vil vere lite og avgrensa, jf. miljørisikovurderinga i søknad om dispensasjon. Då dei marine operasjonane i dette tilfellet dreier seg om ei klargjering og seinare samankopling vil ikkje sjølve plattforma representera noko stor forureiningsfare, slik som kan vere tilfellet med demonteringsarbeid. Eit eventuelt utslepp vil kunne kome frå maskinar eller fartøy som er involvert i arbeidet. Tiltakshavar har vurdert at det kan vere moglegheit for utslepp av motorolje, hydraulikkolje og diesel i ein maksimal mengde på 5-50 liter. Det vil bli gjennomført risikoanalyser og etablert beredskapsplanar for dei ulike ulykkes scenarioa før dei forskjellige operasjonane skal gjennomførast. Det er vidare vurdert at jernmalmen (magnetitt) som skal nyttast som ballast utgjer ein minimal fare for forureining. For å unngå spreiing av framande artar til fjorden er det lagt opp til at ballastvatnet skal skiftas fleire gonger på veg til Noreg, og særleg før innkomst til norske-kysten. Det er i konsekvensvurderinga konkludert med at «Det foreligger ikke risiko for alvorlig eller irreversibel skade på naturmangfoldet».

På bakrunn av tiltakshavars opplysningar om prosjektet og kunnskapsgrunnlaget om fjorden vurderer ein førebels at risiko for alvorleg eller irreversibel skade på naturmangfaldet er liten. Det er ikkje noko som skulle tilseie at det eksisterer artar eller naturtypar i omsøkt område som ikkje er registert, og som vil bli vesentleg negativt påverka av tiltaket. Sjølv om dette tiltaket i seg sjølv ikkje representerer ein stor fare for alvorleg eller irreversibel skade på naturmangfaldet, vurderer ein det slik at tiltaket kan føra til ein auka belastning på økosystemet, jf. § 10, dersom det skulle skje uhell. Dette fordi eit utslepp isolert sett kanskje ikkje er så vesentleg, men mange «små» utslepp kan over tid representera ein fare for det biologiske mangfaldet i fjorden. Vurderinga etter § 10 er med tanke på den industrielle aktiviteten i Vats- og Yrkjefjorden som har vore og som er planlagt i framtida dersom det skulle skje uhell. Teknisk sjef minner om § 11 i nml; ” Tiltakshaveren skal dekke kostnadene ved å hindre eller begrense skade på naturmangfoldet som tiltaket volder, dersom dette ikke er urimelig ut fra tiltakets og skadens karakter.” Tiltakshavar har sjølv kommentert § 12; ”For å unngå eller begrense skader på naturmangfoldet er det valgt lokalisering, metoder og tekniske løsninger som ut fra en samlet vurdering av tidligere, nåværende og fremtidig bruk av mangfoldet og økonomiske forhold, gir de beste samfunnsmessige resultater”.

Dispensasjonsvurdering:

I følgje pbl § 19-2 kan kommunen gje varig eller mellombels dispensasjon frå føresegner fastsett i eller i medhald av plan- og bygningslova. Det kan settast vilkår for dispensasjon.

Kommunen kan gi dispensasjon dersom omsyna bak lovføresegnene det vert gjeve dispensasjon frå, ikkje vert sett vesentleg til side. I tillegg må det føretas ei samla vurdering kor fordelane ved å gi dispensasjon må vere klart større enn ulempene.

I dette høve ligg det føre ein kortfatta dispensasjonssøknad. Bakgrunnen for søknaden går fram av vedlagte skildring med konsekvensvurderingar. Sjøområde i Vats- og Yrkjefjorden er funne som det best egna området til denne typen arbeid pga av stor djupna (300-400 meter) både i fjorden og heilt ut til ope hav.

Areal messig vil understellet ta liten plass i høve til heile fjorden, men medrekna arealet og ankerkjettingane til dei tre festepunkta på kvar side av fjorden blir det eit mykje større areal som blir berørt. Størstedelen av kjettingane vil ligge djupt i fjorden og vil ikkje vere synlege. Tida det er søkt om i denne søknaden, er i perioden august/september - desember 2015, men eit løyve til Technip sitt arbeid vil også sette føringar for at plattforma vil bli liggande på same staden i regi av Statoil fram til sommaren 2016.

Vinter/våren 2016 vil det vere periodar som er potensielt viktige for fiskeri, m.a. notfiske etter sild og makrell.   Yrkjefjorden er ein god fiskefjord der det blir drive fiske med aktive og passive reiskaper gjennom heile året. Omfanget, særleg notfiske kan variere frå år til år avhengig av innsiget av fisk. Talet på deltakande båtar og fiskarar(lokale og turistar) vil derfor også kunne variere sterkt. Utgangspunktet må vere at både fiske og den aktuelle operasjonen skal kunne gå føre seg i område, med hjelp av god kommunikasjon mellom partane og ei viss tilpassing frå fiskarane si side. Technip må her ta kontakt med fiskarane for å minimalisere ulempene for fiske i området.

I gjeldane (den gamle) kommuneplan er området vist som «oljeinstallasjon». Det er ikkje knytt føresegner til dette formålet, men området har tidlegare blitt nytta til oljerelatert industriverksemd. Det er derfor montert/bygd to ankerfester i fjellet her frå før. Omsøkt tiltak må derfor vurderast til å vere innanfor det som tidlegare er blitt plassert i sjøområdet, men der kommunen kan sette vilkår for nye tiltak, slik at konfliktar mellom ulik bruk av sjøområdet kan bli minimalisert.

Vindafjord kommune har i sin kommuneplan sterke føringar for kva som skal kunne tillatast i dette sjøområde. Tysvær kommune har i forslaget til framtidig arealbruk i dette sjøområdet tilpassa det til å samsvare med Vindafjord kommune sine føresegner. Forslaget til føresegner legg opp til at det kan tillast oppankring av marine konstruksjonar. For eventuell industriell aktivitet er at det krav om reguleringsplan med konsekvensutgreiing og planprogram. Det vil ikkje bli gitt løyve til demontering av brukte oljeinstallasjonar og liknande.

I dette høve er det ikkje tale om demontering, men om montering av nye deler, samansetting av understell og dekke på ein heilt ny plattform før den blir slept ut til Nordsjøen. Omsøkt tiltak ville derfor ha vore i samsvar med framtidig bruk av sjøområdet, men med krav om reguleringsplan før arbeidet kunne ta til. Forslag til føresegner legg også opp til ei maksimal liggetid for oppankra installasjonar på inntil 6 månader. I dette høve er Technip sin søknad innanfor denne tidsfristen, men tiltaket føreset at det blir liggande på same staden i ytterlegare 6 månadar når Statoil tek over ansvaret i eigen søknad.

Det nye ankerfeste, M5, blir plassert omlag i grensa mellom gbnr. 169/3 og gbnr 168/2 der området i kommuneplanen er avsett til LNF- område med omsynssone for friluftsliv. Ankerfeste er ei plate i stål på 1,5 m x 1,5 m som er montert på eit betongfundament som er 1,8 m x 2,1 m noko som viser at tiltaket i seg sjølv ikkje er særleg stort. Kartet viser at det er svært bratt i området og eit ankerfeste her vil ikkje vere til særleg hinder for allmenta sin bruk av området til friluftsformål eller brukt til landbruksformål. Storleiken på tiltaket tilseier at det i liten grad vil påverke området sin karakter eller funksjon som naturområde eller vere vesentleg i konflikt med dei verdiane som strandsonevernet skal ivareta. Det er frå før av fleire slike ankerfester på begge sider av Yrkjefjorden.

I dette høve er det tale om ei mellombels plassering av eit konkret tiltak der framtidig bruk av sjøområde legg opp til at området også kan nyttast til andre aktivitetar enn tradisjonelt fiske og ferdsel. Det er ein føresetnad at aktiviteten ikkje føre til forureiningar av fjorden eller er til vesentleg fortrenging for andre brukarar.  Sjølv om dette tiltaket er stort og vil bli liggande i fjorden i ein tidsperiode på ca.1 år vil det vere eit oversiktleg tiltak som omgjevnaden og andre brukarar vil kunne forholda seg til. Det vil vere viktig at lyskjelder på oppankra installasjonar vert skjerma slik at dei ikkje er til sjenanse for ferdsel og utøving av fiske i sjøområdet.

Kommunen har vurdert at omsøkte dispensasjonar for å byggje/sette saman Aasta Hansteen plattforma ikkje sett omsynet til gjeldane kommuneplan eller byggje- og deleforbodet i strandsona (pbl §1-8) vesentleg til side. Innsendte dokumentasjon med konsekvensvurdering av tiltaket er etter kommunen sitt syn dekkande for den aktuelle problemstillinga og saka er vurdert som tilstrekkeleg opplyst. Etter ei samla vurdering vert fordelen ved å gi dispensasjon vurdert som større enn ulempene i dette høve.

Tysvær kommune vurderer å gi dispensasjon for det omsøkte tiltaket. Saka vil derfor bli sendt på høyring. Dokumenta i saka finn du i vedlegga nedanfor.

Endeleg vedtak vil bli fatta av Teknisk utval etter høyringsrunden og etter at innkomne merknader er blitt vurdert.

Tiltaket omfattar også areal i Vindafjord kommune, for plattformunderstellet, ankerkjettingar og ankerpunkt. Vindafjord kommune gjennomfører parallelle høyring for tiltaket i sin kommune

 

Vedtak:

Teknisk sjef er positiv til å gi dispensasjon for det omsøkte tiltaket, men før det vert fatta endeleg politisk vedtak vert saka sendt på høyring. Endeleg vedtak vil bli fatta av Teknisk utval etter høyringsrunden og etter at innkomne merknader er vurdert.

Frist for uttale vert sett til 1. september 2013

Per Ørpetveit         Bjørg Tone Vikshåland
Teknisk sjef           Seksjonsleiar


Vedlegg:

PDF icon  2. Aastad Hansteen Marine operasjon Vfj- HAV 13.06.13
PDF icon 
Søknad om dispensasjon for byggeforbod i 100 meters belte langs sjø
PDF icon 
Søknad om dispensasjon fra forutsetning for ankring av understell 
PDF icon
 Maritime operasjon og plan 
PDF icon  
Div kart, utsnitt av ny og gammal kommuneplan