Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Oppstartsvarsel E134

Skrevet av Trond Tindeland .

Oppstartsvarsel kart
Oppstartsvarsel for Reguleringsplan for E134 Frakkagjerd-Aksdal -
midtrekkverk. 

 

I samsvar med §3-7 og §12-8 i plan-og bygningslova blir det med dette varsla oppstart av
reguleringsplanarbeid for midtrekkverk på E134 mellom Frakkagjerd og Aksdal.
Prosjektet er eit trafikksikkerheitstiltak der ein ved å etablere midtrekkverk skal hindre
møteulukker.

For å få plass til midtrekkverk må E134 utvidast. Forbi Aksdalsvatnet vil all utvidinga skje
mot nord. Ein unngår då fylling i vatnet og ulemper knytta til det. På ei strekning er utvidinga
problematisk på grunn av ei bru som går over E134. For å unngå å forlenge brua, vurderer ein
å bruke forbikøyringsfeltet for å få plass til midtrekkverket. Avkøyrsler mot E134 må stengast
og ein må vurdere korleis bustader skal knytast opp mot lokalvegnettet langs E134. Plassering
av buss-stopp langs strekninga må vurderast.

Grunneigarar og offentlege instansar er varsla pr.brev. Kart som viser avgrensing av
planområdet er vedlagt. Oppstartsvarsel og kart ligg også inne på kommunen sine nettsider.
Planarbeidet utløyser ikkje konsekvensutgreiing.

Henvendelsar i samband med planarbeidet kan rettast til:
Gun-Mari Ødegård på tlf.57 65 58 34 eller mailto:gun-mari.odegard@vegvesen.no
Eventuelle merknader skal sendast til Statens vegvesen, Region vest, Askedalen 4, 6863
LEIKANGER eller til mailto:Firmapost-vest@vegvesen.no
innan 15. mai 2013.

Vedlegg:
icon Oppstarsvarsel Kart (866.24 kB)
icon Retningslinjer for planlegging av riks og fylkesvegar (114.89 kB)