Kulturmidlar 2010

Bilde

Alle lag og foreiningar i Tysvær som driv med aktivitet for barn og unge kan søkje om kulturmidlar. Fristen er 1. mars!

Slik stønad kan ytast når verksemda som vert drive er kontinuerleg. Stønaden vert normalt berre gjeven til hovudlag.

Grunnstønad vert delt ut etter søknad med utgangspunkt i ein fast grunnsum som årleg vert fastsett.

I tillegg til grunnsummen kan det ytast eit ekstra tilskott etter vurdering av oppvekst- og kulturutvalet. Viktige moment vert: Medlemstal, alder på medlemmene, aktivitetsfrekvens, generelt kostnadsnivå ved drift av aktiviteten osv.

Normalt skal grunnstønaden ytast til hovudlag og ikkje søkjast av eller ytast til undergrupper der slike finst.

Kulturkontoret har rett til å be om kopi av medlemslister.

Søknadsfrist 1. mars 2010

Vedlegg til søknaden er årsmelding og revidert rekneskap frå fjoråret.

Søknadsskjema om kulturmidlar til drift av:
- Forsamlingslokale
- Idrettslag
- Lag og foreiningar (barnelag, søndagsskular, song og musikk, ungdomslag og andre)
- Organisasjonstilsette

Søknadsskjema om tilskott til drift / investering av leikeplassar / balløkker og friluftstiltak i nærmiljøet 

 

 

Publisert 09.02.10 av Johnny Pedersen