Kanskje vert det sol…

Mange håpar på betre sommarver her heime, medan andre reiser til syden for å sikre seg sol og varme. Kor mykje sol tåler huda?
D-vitaminar gir god helse
D-vitaminer er viktigare enn me har rekna med så langt. Det er ikkje berre skjelettet som treng D-vitamin. Det viser seg at vitaminet er viktig for immunapparatet som hjelper oss i kampen mot infeksjonar og kreft – og kanskje også ved ulike gikttilstandar. Sola fører til produksjon av D-vitamin i huda, men sommarstid er det nok med 10 minuttar i sola for å få dagsdosen. Fra oktober til april må derimot alle nordmenn ta tilskot for å få nok D-vitamin. Mørkhuda normenn bør ta tilskot heile året – sola slepp ikkje godt nok til på sommaren ein gong.
Varme og glede
Sola gir oss varme og lys – og begge deler fører til velvære, betre humør og betre trivsel. Kan me ønska oss meir?
Forbrenningsskader
Me har nok alle opplevd å verta brende i sola – me prøver å balansera hårfint opp mot grensa for å verta brune så raskt som råd er. Nokre av oss har nok også fått merka kor dårleg ein kan verte av solforbrenning – det er ikkje berre smertefullt, men også farleg med for mykje sol. Solforbrenning skal behandlast med nedkjøling i mange timar, som alle andre forbrenningsskader. Ved lettare forbrenningar kan hydrocortison gel eller krem vere bra.
Raskare aldring av hud og auge
Soling skader dei elastiske fibrane i underhuda, og alle kan sjå på huda i ansiktet eller nakken til ein person om han har vore mykje i sola. Det er spesielt UVA-strålene som trenger djupt ned i huda og fører til rynkete hud over tid. Det er få solkremar som bekyttar noko særleg godt mot UVA. I solarier kjem det UVA i store mengder fra strålerøyra –- og unge kvinner tenker lite på kva dette vil føra til om 20 år…
Sollys skader også linsa i augene våre slik at me lettare får grå stær med grumsete linser og nedsett syn. Solbriller med glas som beskyttar mot ultrafiolett lys kan vere til god hjelp.
Hudkreft
For store dosar sol på lys hud kan føra til ulike former for hudkreft – både vondarta føflekker og mindre farlege former for hudkreft. Det er totaldosen over tid som skadar, sjølv om solforbrenning er ekstra skadeleg. Det viser seg at ikkje berre UVB men også UVA – både i sollys og i solarier – kan føra til alle desse formene for hudkreft. Paradoksalt nok har me sett ei jevn auke i føflekkreft siste 20 år – trass i bruk av litervis av solkrem. Problemet er at solkremen så langt har beskytta best mot UVB slik at vi har kunna ligge lenge i sola utan å verte brende. Dermed har me kanskje fått unødvendig store dosar UVA. Nokre land har lagt ned forbod mot at personar under 16 år bruker solarier.
Barn og sol
Små barn bør ikkje sitje direkte i sollyset om sommaren. Bruk solbriller, skyggelue, klede og parasollar for å beskytta mot sol – også under bading. Både vaksne og barn bør unngå direkte sol mellom kl 12 og 15. For å beskytte seg mot direkte sol bør barn bruke faktor 50 på eksponert hud. Etter kvart som barna vert eldre kan ein gå ned i faktor. Hugs at hav og snø reflekterer mykje av sollyset til eit barnet som sit i skuggen. Barn har tynn hud og vert lett brende – og raudfargen kjem ikkje før brannskaden er eit faktum. Sjekk at solkremen beskyttar både mot UVB og UVA – og les bruksanvisninga. Solbriller får ein i mange praktiske og upraktiske utformingar.
God sommar – og nyt sol og varme!



