Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Reguleringsplan for fortau langs Førresvegen

Skrevet av Marlin Øvregård Løvås .

Bilde til nettsida
Teknisk utval har i møte 11.05.2017 vedtatt forslag til reguleringsplan for fortau mellom Vestli og Førre kyrkje lagt ut til offentleg ettersyn

 

Norconsult har på vegne av Tysvær kommune utarbeida forslag til reguleringsplan for fortau langs Førresvegen mellom Vestli og Førre kyrkje. Teknisk utval har i møte 11.05.2017 vedtatt at planen skal leggast ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan og bygningslova § 12-10.

Det er lagt opp til eit fortau med bredde 3 meter hovudsakeleg langs eksisterande veg. Fortauet vil knytte saman fortauet ved ny innkjørsel til Vestli/Førre parken med gang- og sykkelvegen som går langs Fv 772 mot Førre skole.

Eventuelle merknader til planen må sendast skriftleg til Tysvær kommune via denne lenken denne lenken, eller pr. post til postboks 94, 5575 Aksdal. Du kan også sende den på e-post til: post@tysver.kommune.no. Merk refnr "2015/1190". 

Høyringsfrist er satt til 07.07.2017.

Plandokumenta finn ein her:

Saksframlegg

Plankart

Føresegner

 Planforslag samanstilt med reguleringsplanar og veg