Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Nytt varsel for hestesportanlegg på Skeiseid

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

Hestesport

Nytt varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for hestesportanlegg på Skeiseid

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 og § 12-4 blir det varsla igangsetting av arbeid med detaljreguleringsplan for hestesportanlegg på Skeiseid, gards- og bruksnummer 70/1 og 3 (PLANID 2016 05). Det har tidlegare blitt varsla oppstart for reguleringsplanen i april 2016, men planområdet er no utvida til å ta med eit lite ekstra stykkje veg heilt nord i planområdet, sjå vedlagte kart. Grunnen til utvidinga er at det er nødvendig å kople saman Høievegen ifrå områdeplanen for Skeiseid med vegen til hestesportanlegget, mellom anna for å sikre ein trygg overgang for mjuke trafikkantar.

Elles er planarbeidet som tidlegare, kor føremålet med planarbeidet er å tilrettelegge for eit idrettsanlegg, kor primærbruken vil vere hestesport, men òg med opning for hundesport. Hovudføremålet i reguleringsplanen blir idrettsanlegg. Planarbeidet inneber også vurdering av tilkomst til området, samt areal til parkering.

Planarbeidet blir utført av Tysvær kommune, i samarbeid med Haugaland Hestesport Arena, og spørsmål kan rettes til Tysvær kommune v/ Linda Dehlin Fluvåg. 

 

Eventuelle merknadar må sendast til:

Tysvær kommune

Forvaltningsavdelinga v/ Linda Dehlin Fluvåg

Pb. 94

5575 AKSDAL

Eventuelt til: post@tysver.kommune.no

MERK: reguleringsplan for hestesportanlegg på Skeiseid

Merknadar må sendast innan: 27.02.2016

 

 Skjermbilde