Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Planprogram trafikksikringsplan Tysvær kommune

Skrevet av Marlin Øvregård Løvås .

Hegren
Det blir med dette varsla oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for kommunal trafikksikringsplan

 

Kommuneplanutvalet vedtok i møte den 15.11.2016, sak 28/16, at forslag til planprogram for kommunal trafikksikkerheitsplan skal leggast ut til offentleg ettersyn, jf plan og bygningslova § 4-1. Planprogrammet skal gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosessen og opplegg for medverknad. Kommunen ynskjer med dette også innspel til konkrete tiltak som kan inngå i planen. Det er utarbeida eit skjema ein kan nytte for innmelding.

Tysvær kommune sin trafikksikringsplan blei vedtatt i kommunestyret den 26.10.2010. Ein føreslår å videreføre visjonen frå denne planen; "I Tysvær skal ingen misse livet eller bli alvorleg skadd i trafikken". Målet med planen er å førebygge trafikkulykker og sikre at kommunen tar omsyn til trafikksikkerheit i sitt virke. Det skal vere trygt å bevege seg i lokalmiljøet, både som syklist, fotgjengar og i bil eller buss. 

I denne høyringsrunden kan ein kome med innspel og merknader til føreslått planprogram. I tillegg kan ein melde inn konkrete tiltak som ein ynskjer skal kome med i planen. Etter at planprogrammet er vedtatt vil det bli utarbeida eit forslag til plan som også blir lagt ut til offentleg ettersyn før den blir vedtatt.

Merknader og innspel bes lagt inn i Tysvær kommune sin høyringsportal, eller sendt pr. brev til Tysvær kommune ref 2016/975, Postboks 94, 5575 Aksdal, eller post@tysver.kommune.no 

Tysvær kommune forsøker å ta i bruk digitale verktøy for medverknad i planprosessen. Gjennom kartløysninga "Mycity" kan ein kome med innspel og idear. Ved å klikke i kartet kan du legge igjen ein kommentar som andre kan lese og stemme på. Kartet er interaktivt og bidraga veks i takt med innspel folk viser interesse for. Registrer deg som brukar og du vil kunne like, dele og kommentera andre sine innspel.

Spørsmål i saka kan rettast til saksbehandlar Marlin Løvås, molovaas@tysver.kommune.no

Høyringsfrist 03.03.2017

>> Legg inn høyringsuttale

pdf icon Forslag til planprogram for trafikksikring - Tysvær kommune
pdf icon Saksframlegg - Høyring av planprogram for kommunal trafikksikringsplan
pdf icon Gjeldande trafikksikringsplan
pdf icon Skjema for innmelding av tiltak

eksternlenke  Kartløysninga Mycity