Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Oppstart reguleringsplan idrettsanlegg på Troppene

Skrevet av Linda Dehlin Fluvåg .

kajakkanlegg min 2
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 og § 12-4 blir det varsla igangsetting av arbeid med detaljreguleringsplan for idrettsanlegg på Troppene, gards- og bruksnummer 25/50 (PLANID 2016 12).
 

 

Føremålet med planarbeidet er å tilrettelegge for bygging av ein ny idrettshall ved det eksisterande idrettsanlegget på Troppene. Dette inneber å lage ein reguleringsplan som omfattar idrettsanlegget som er på Troppene per i dag, med klubbhus, infrastruktur, aktivitetsområder, banar og liknande. Planarbeidet inneber også ny tilkomst til området, samt regulering av areal til ein parkeringsplass. Planen skal også ta med delar av området i sjø, for å inkludere kano- og kajakklubben sitt anlegg, utan at det skal gjerast endringar.

Hovudføremålet i reguleringsplanen blir idrettsanlegg. Planarbeidet er i samsvar med overordna kommuneplan. Det aktuelle området har vore avsett til idrettsføremål i kommuneplanen sidan 2012. Det er vurdert av kommunen at det ved planarbeidet ikkje er behov for utarbeiding av planprogram og konsekvensutgreiing, etter plan- og bygningslova § 4-1 og 4-2. Det vil bli gjort ei nærare utgreiing av planområdet som ein del av planomtala.

Planarbeidet blir utført av Tysvær kommune, i samarbeid med Falkeid Idrettslag og kulturavdelinga i kommunen, og spørsmål kan rettes til Tysvær kommune.

Eventuelle merknadar må sendast til:

Tysvær kommune
Forvaltningsavdelinga v/ Linda Dehlin Fluvåg
Pb. 94
5575 AKSDAL

Eventuelt til: post@tysver.kommune.no

MERK: reguleringsplan for idrettsanlegg på Troppene

Merknadar må sendast innan: 30.01.2017

Vedlegg:

pdf icon  Plankart