Logg inn Joomla

Logg inn Joomla

Mulighetsstudie ny ungdomsskole

Skrevet av Trond Tindeland .

hoyring2
I møte 18.10.2016 vedtok Kommuneplanutvalet at rapporten «Mulighetsstudie ny kommunedekkende ungdomsskole» skulle leggast ut for høyring.

 

Kommunen ber om høyringsinnspel mellom anna med vekt på følgjande spørsmål:

  • Kva må Tysvær kommune som skuleeigar ta omsyn til når vi skal legge til rette for læring og utforme ein god og framtidsretta ungdomsskule for alle elevar?
  • Kva omsyn kan tale for å vidareføre og kva omsyn kan tale for å endre den ungdomsskulestrukturen vi har i dag, med ein rein ungdomsskule på Frakkagjerd og to kombinerte barne- og ungdomsskular i Nedstrand og Tysværvåg?
  • Kva lokaliseringsløysingar (tomtealternativ) framstår som dei beste i ei muleg løysing med ein kommunedekkande ungdomsskule i Aksdal eller på Frakkagjerd, og kva omsyn må kommunen ta når det skal utformast god skuleskyss for elevane?

Høyringsfrist er fredag 20.01.2017.

Høyringsuttaler bes lagt inn i Tysvær kommune sin høyringsportal, eller sendt pr. brev til Tysvær kommune, Postboks 94, 5575 Aksdal.

Rådmannen vil etter høyringsrunden utarbeide politisk sak med gjennomgang av planforslag og høyringsuttaler, og legge fram sine tilrådingar. Innkomne høyringsuttaler vil bli vedlagt saka.

Vedlegg:

pdf icon  Mulighetsstudie kommunedekkende ungdomsskole
pdf icon  Sak kommuneplanutvalet

>> Legg inn høyringsuttale